Nedstrandstunet.
Nedstrandstunet.

Nedstrand: – Det er viktig med levande bygder

Håper mine tankar kan bidra til å vara med på å ta vare på Nedstrandtunet på Hinderåvåg.

Eg heiter Ola Bredal og synes at det er viktig med levande bygder, og eit lokalt miljø i krikar og krokar av vårt fagre land.

Men eg er skremt over politikk som førest.
Det pratest med nesten glorie over håve at bygdene må vi ta vare på.
Kvifor er det da så viktig å samla alt i Aksdal?
Har det med økonomi? Har det med at vi som samfunn byrja å bli for bedagelige og trur at det å samla alt vil gi eit meir verdig samfunn?

Eg gjekk og tenkte her ein dag på mine mange turer i skog og mark. Kor fantastisk hadde det ikkje vært og hatt valg alternativer, som aldrande kvinne eller mann? Vi har idag sjukehus valg hvis me ønsker? Kvifor ikkje få beholda litt verdighet, som aldrande og ofte gammalt menneske og velge sted å få i mange tilfeller sovne inn på. Tenkte med meg sjølv at siden eg er knytta til Nedstrand også gjennom slektsaner så ville Nedstrandstunet vært ein flott plass. Om det måtte slik gå.
Det var vel nok ein dag draum for det er kanskje 40 år til det eventuelt skulle være aktuelt. Mykje er nok forandra på den tida.

Det trenger ikkje vara for gjennom og ta vare på slike institusjoner som Nedstrandtunet er.
Bidrar ein til ein verdig avslutning på dei som har budd i all si tid i Nedstrand. Ein skapar arbeidsplassar som att bidreg til barnehagar, skule og idrettsanlegg, og m.m.
Det gir grunnlag for å driva butikk og ha eit balansert samfunn, der det er like naturleg å høyre born leika, som å besøke besten eller bestå når det er tid for det. Utan å måtte køyre milevis i ett ellers stressa samfunn og trafikkbilde.

Er det kjøpesenteret som lokkar ting te seg for å utkonkurere lokale, for ved å måtte køyre til Aksdal og besøke sine nære, kan ein like gjerne handla der og??

Er det politikken som førest med å nesten legga opp til ein umulighet å bygga nytt i bygder. Sånn at når folk blir gamle om 40 år, er fleste bygder bare hytter att, og ingen kostnader ved å køyra heimeassistanse (hjemmehjelp)

Ingen treng hente boss og kloakken er redusert, og veiene er kraftig redusert i standard for eliten ønsker bygdeveg til hytta.

Fantastisk syn det må være for eliten, ingen bønder og møkka lukt, bare franske dufter og finstas så langt øya kan sjå.
Takk og lov for at det må ha vore ett mareritt.
Eller ligger det sannhet her som kan skje hvis me ikkje står opp for vårt fagre land.

Det skrikes om å ta vare på skular rundt omkring. Kva er poenget visst ein som gamal ikkje har verdi nok til å få dø i nærleiken av sin oppvekst?
Me kan ikkje holde på sånt, me har som nåværende generasjon ei plikt og eit ansvar til å ta vare på kvar ein krok og krik! »

Behold Nedstrandstunet og styrk det!
Behold lokal samfunnet.
Ta vare på verdigheita til våre eldre samfunns borgarar!!

Med vennlig ord og tanke Ola Bredal