Saman med Ingvild Tveit og Beate Helgeland (bildet) skal Lars Frøyland drive franseseavdeling for Nordvik Bolig Haugesund. 
Foto: Privat
Saman med Ingvild Tveit og Beate Helgeland (bildet) skal Lars Frøyland drive franseseavdeling for Nordvik Bolig Haugesund. Foto: Privat

Går all-in i nytt meklarhus

Tysværbuen Lars Frøyland har hatt ei eventyrleg karriere som meklar i fleire år. Nå blir han dagleg leiar i eit heilt nytt selskap på Haugalandet.

Saman med Ingvild Tveit og Beate Helgeland skal han drive franseseavdeling for Nordvik Bolig Haugesund. Oslo-verksemda har lenge hatt Haugalandet i kikkerten, og nå har Frøyland takka av i Eiendomsmegler A og tatt steget opp og blitt dagleg leiar for avdelinga som skal drive frå næringsbygget i Haraldsgata 90 i Haugesund.
– Det er eit stort steg for meg, men eg kjente at nå var det rett tid. Etter åtte-ti år som meklar for andre, var tida moden for å gå all-in i dette konseptet, som me tre skal drive frå sentrum. Det er ingen tvil om at eg har eit spesielt godt auge for Tysvær, der eg bur, men eg ser også at der det er utruleg mykje spennande som dukkar opp for sal over heile Haugalandet, seier Frøyland.
– Kva er det som gjer Haugalandet så spennande for mellom anna Nordvik?
– Skal ein svare folkeleg og enkelt er det kva ein får for pengane her, kontra i Bergen, Stavanger og Oslo. Eg har ikkje tal på kor mange par eg har hatt på visning der den eine av dei kjem frå ein av desse byane og nesten måpande står og ser på kva ein kan få for fire-fem millionar her, kontra for eksempel i Oslo. Der handlar alt om kvadratmeterpris og eit prisnivå som er ekstremt. Her kan ein få husdraumen oppfylt for den same prisen som ein liten leilegheit i dei nemnte storbyane. Slikt får bransjen med seg, seier Lars Frøyland.

Starta opp
Onsdag var det lys i lokala i hovudgata i Haugesund. Beate Hetland har også ein link og to til Tysvær, men lokale i Tysvær var aldri aktuelt.
– Nei, det var ikkje det. Det er noko med dette at meklarane ligg i sentrum. Men det betyr ikkje at me er eit Haugesund-firma, heller tvert om. Me skal ut på heile Haugalandet. Beate har i alle fall lyst å nytte seg av sin link til Tysvær.
– Eg ser fram til å jobbe i heimbyen min. Å gå på besøk til venner og kjente og hjelpe til med bustadspørsmål. Me har hytte ved Fuglavatnet i Tysvær og der badar me ofte. I tillegg så har me båt innerst i Førlandsfjorden kor me pleier å feire St. Hans på holmen. Det har blitt mykje is og jordbær på Shell på vei til hytta. Så Tysvær-kjensla har eg. Og eg vil aldri glømme mitt første kyss på Krabbatveit, ler Beate Helgeland.

Tøffe tider
Og litt latter treng ein i desse litt tøffe tider.
– Akkurat nå er det mange utfordringar knytt til prisauken som kom på nybygg. Det betyr at svært mange som skal selje må få meir for bustaden. Eg er spent på korleis det vil slå ut. Når ein legg saman utfordringane med visning i korona-situasjonen, prisauken og at folk kanskje har valt å pusse opp der dei bur det siste året, så kjem me inn i bransjen på ei tøff tid. Men me skal stå på, vere synlege og gi av den lokalkunnskapen me har.
– Har bransjen forandra seg dei siste åra?
– Heilt opplagt. Då eg utdanna meg for snart ti år sidan var det ingen signal om kor mykje arbeid dette er. Det er 24/7 om ein vil. Eller for å seie det slik, om ein skal vere med å få over 100 sal i året. Mitt mål er at me har 150 sal i 2022, då må me stå på, det seier seg sjølv. Så blir kunsten å kople heilt ut når ein har fri, smiler Frøyland.
Men det er slett ikkje så lett.
– Nei huff. Når eg kjører ein tur, eller syklar som eg av og til gjer så ser eg salsobjekt i alt. Lurer på kvifor dei malar i den fargen og så vidare. Nei, då er det tryggare å jakte på krabbe og torsk i Førresfjorden og kople heilt ut.
Lars Frøyland er snart 30 år og innrømmer at det å vere dagleg leiar er eit stort oppdrag.
– Eg er trygg på det eg driv med, men dette er ei utfordring. Dette er som sagt ein tøff bransje der ein må gi mykje av seg sjølv. Så sjølv om eg er ein rimeleg ung fyr som elskar å selje hus, har eg framleis stor respekt for den jobben me skal gjere framover. Berre det å få på plass skikkelege lokale her, er ei ny utfordring, avsluttar ein travel Lars Frøyland.