Skjermbilde 2021-08-09 kl. 13.26.41

Ny musikk: Ein gitarorgie på fire minuttar

Erlend Hjelvik orkar ikkje vente lengre. Nå slepp han singelen «Synkverving». Slett ikkje dumt.

Erlend Hjelviks soloband HJELVIK er klar med ein ny singel og musikkvideo for låten «Synkverving». Låta viser HJELVIK frå ei tyngre side med element av både doom, thrash, black metal og folketonar. Låta blir båre fram av eit leikent, tungt og glitrande gitarspel som verkeleg løftar dette prosjektet opp og fram, sjølv om innhaldet kanskje heller tilseier nedanom og heim.
Med seg på det han kallar skaldefesten, har HJELVIK fått med seg Lars Are Nedland (Borknagar, White Void, Solefald) på orgel og som gjestevokal. «Synkverving» ble spilt inn da bandet tok opp sitt kritikarroste debutalbum «Welcome to Hel» i 2019.
Og det er slett ikkje fyllmasse som nå er reprodusert og gitt ut. Dette er Hjelvik på sitt aller beste, slik me har «fanga» han som vokalist på albumet, og denne singelen. Det går drivande godt framover, og som sagt med god hjelp av bandet har Hjelvik på vokal noko ved seg. Lik det eller skru av var det ein som klokt sa det ein gong.
Vel, eg vil ta det litt vidare, dette er musikk som ein lett uansett smak kan la få sjansen fleire gonger. Det er eit eller anna med samspelet som gjer at det blir noko drivande godt og dynamisk over det. Gitarar er nemnt, men heile bandet verkar utruleg samspelte i ein miks av fleire musikksjangrar.

Ventepølse
Erlend Hjelvik fekk aldri dra på dei store festivalane med debutplata for HJELVIK, og han er utålmodig.
– Sidan det av openbare grunnar har blitt dårlig med konsertar etter mitt førre albumslipp, kjennes det bra ut å kunne by på ei saftig ventepølse mens vi venter på betre tider. Eg er ekstra fornøgd med at me har fått ein ekstra piff og steroid-injeksjon med HJELVIKs nyaste tilskot Remi Andre Nygård på rytmegitar, Lars Are Nedlands norrøne messing og hammond orgeltraktering, og ein nydelig miksejobb av Endre Kirkesola, seier vokalisten frå Espevik.
Ja, kanskje er det så rått og brutalt musikalsk at mange fans vil beskriva det som nydelig. Så blir spørsmålet om det kjem meir musikk før festivalane opnar opp rundt om i Europa og slepp til Erlend Hjelvik.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Terningkast 5

Synkverving
HJELVIK
Singel
Erlend Hjelvik – Vokal, tekst og låtskriving
Rob Steinway – Leadgitar
Remi André Nygård – Rytmegitar
Alexis Lieu – Bass
Kevin Foley – Slagverk
Lars Are Nedland – Orgel og gjestevokal
Miks og master av Endre Kirkesola
Utgitt august 2021