Skjermbilde 2021-08-11 kl. 10.02.33

Ny musikk: Glenn og Vidar er Luminated

Songar og gitarist Glenn Rand har slått seg saman med kompisen Vidar Vikse. Saman har dei gitt ut herleg popmusikk.

Historia om den tidlegare læraren på Frakkagjerd og visesongaren frå Hornindal, Førland og nå Sveio starta med ein gitar aleine i eit heimestudio. Glennen som var artistnamnet bygde seg opp stein for stein, eller rettare song for song med eit uttal av oppvarmingsjobbar, solokonsertar og mellom anna vellukka lunsjkonsertar i Tysværtunet.
Nå er det tøffare saker enn visene han blei kjent for. Saman med Vikse leverer han og duoen i første omgang ei herleg poplåt gitarbasert og fengande på mange måtar. Det hamnar i kategorien spennande og noko å verkeleg ta vidare.
Formatet er ikkje ukjent, me har Muddy Young frå Tysvær i same gate. Det er musikk som kan surre å gå lågt i bakgrunnen eller på full guffe på fest. Men det er eit langt steg frå kjærleiksvisene Glennen blei kjent for.

Lyse opp
– Luminated betyr å lyse opp, og det er det me vil. Begge har me røter i rocken og ein kan vel seie at me møtest litt midt på, om ein tar viser i ein ende, og hardare rock i den andre. Denne songen me nå gir ut har me lenge hatt på blokka og jobba med. Nå meiner me den er klar for publikum og slapp den digitalt heilt på tampen av juli. Så blir det spennande å sjå om alle dei som har følgt meg, er med vidare, seier Glenn Rand.
Singelen er berre starten på det som i utgangspunktet er 12-13 låtar som ligg og godgjer seg. Det er i landskapet mellom pop og rock, eit landskap det er eit utal band og duoar i.
– Dette er både musikk me sjølv liker, men som også er skikkeleg bra live. Og det er sjølvsagt det me håper, nemleg å få til eit livekonsept, der me også vil skape ei stemning på scene ved hjelp av digitale bilete. Dette skal skape stemning, og det gjerne på fleire måtar.
– Sveio «Rock City» altså?
– Ja, ikkje sant. Skulle så gjerne halde fram i Tysvær, men me er nå tross alt framleis gode naboar og eg har god kontakt med dei flotte folka eg møtte der. Det skjer mykje spennande innan musikk på Haugalandet, og det vil me vere med på. Nå først ein singel, så konsertar så eit heilt album. Det er målet, så får me sjå, seier Rand.
Luminated er ein heilt ok følgesvein og musikk som me gjerne tar i mot meir av. Så får tida vise om dette blir med forsøket, eller om dei to ivrige musikarane slepp til med sine songar i ein tøff marknad. Nokon dårleg søknad er det ikkje, og mitt råd er å skru opp lyden. Det tåler denne låta godt.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Terningkast 4

Luminated
Ny singel
Vidar Vikse og Glenn Rand
Eigen utgiving 2021
Produsert av Glenn Rand & Vidar Vikse