Vamp er ute med sitt 13. studioalbum. FOTO: Kim Edgar Bachel
Vamp er ute med sitt 13. studioalbum. FOTO: Kim Edgar Bachel

Ny plate frå Vamp: Ting tar tid

Vamp er 30 år, proppfulle av nye idear og skikkelig klare for å reise land og strand rundt. Og ikkje minst plateklare med «Tiå det tar».

Det er blitt vanskeligare og vanskelegar å sette Vamp i ein bås. Til det er dei for musikalsk fleksible og dyktige til å bli sittande fast i eit spor. Så når ein skulle feire dei 30 første åra, så var det ikkje plass til eit «best of»-album, men heller tvert om nye retningar og nye spor i det musikalske landskapet skapt av far og son Staveland.
Dette er ei plate som ved første speling gjer at ein stoppar litt opp og tenker. Korleis skal dei få dette til å fungere på dei store scenane og framføre sitt trufaste publikum som gjennom åra har fått både i pose og sekk, med hitlåtar på rekkje og rad?
For det er noko nytt over det, eller for å seie det slik – noko nygammalt. For ein merkar at det er Vamp, det er stilsikkert i botn og dei 13 melodiane er skrivne av Øyvind Staveland. «Det e planta et håp» drar oss direkte inn i «Tiå det tar»-konseptet. Jan Toft gjer som han vil, det er bra, og det er ein verdig start på plata. Så kjem eit par sterke låtar med tekst av Tom Roger Aadland. Tekstar som gjer at ein eit augeblikk glømmer musikken litt. Det leikast med pop og det flørtast uhemma med fleire variantar av det som må kallast klassisk visesong. Men det heng saman, låt for låt på eit vis. Likevel, etter 4-5 songar så merkar ein at dette er nye spor som blir kjørt opp. Og det er slik at ein gleder seg til neste song når ein annan går mot slutten.

«Gry og solefall»
Vamp består av dyktige musikarar som gjer jobben, sjølv om dei i Vamp-samanheng langt frå er så høyrbare som ved tidlegare utgivingar. Men dei er der som eit stille lokomotiv som driv plata framover. Vokalinnslaga varierer frå Toft, via Odin Staveland til sjefen sjølv Øyvind.
Øyvind Staveland sin hyllest til mødrer i «Til mor» kan lett bli ein song mange mødrer nå vil få høyre. «Smak av salt» basert på eit dikt av Tove V. Bråthen funne på Ryvarden har mange spennande undertonar, som ein finn ved å lytte. Og Staveland vil heilt tydeleg at ein skal lytte. Alt er litt utfordrande og spennande.
Det er på ein måte politisk korrekt både tekst- og melodimessig når ein har valt denne vegen. Men så kjem «Gry og solefall» heilt mot slutten av plata. Jan Toft begynner på noko som kan høyras ut som ei råfil fanga opp på ein mobiltelefon. Så smell det og platas klart beste spor openbarar seg som eit løft mot taket og me ser straks føre oss publikum på dei store arenaene strekka armar i vêret og synge med.
Eg er usikker på om Øyvind Staveland tok ein sjanse då han samla saman ei rekkje med raude trådar lagra på sin mobil og gjekk i gong med plata, eller om dette er fagleg musikalsk iskald berekning. Uansett har han lukkast på ein måte saman med resten av Vamp-familien. Det er blitt ei plate som vil gi dei nye fans og som vil tilfredstille dei aller-aller fleste av dei gamle.
Og som Staveland så trøystane seier når ein spør.
– Me glømmer aldri songane som har sett oss i den posisjonen me er i. Dei vil alltid komme på ein konsert. Men me elskar også å gi våre lytterar nye gode opplevingar og nytt materiale.
På det 13 studioalbumet har dei på nytt skapt magi.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 6

«Tiå det tar»
Vamp
Vamp er: Jan Toft (vokal/gitar) Øyvind Staveland (vokal/gitar/synth/bratsj/fele), Odin Stave-land (vokal/trommer/tangenter/synth./perk.), Kjetil Dalland (bass), Lars Eirik Støle (synth.) og Stian Tønnesen (gitar/mandolin).
Plateselskap: TBC Records
13 låter
Utgitt 2021