Nå bør du sjekke om hekken treng frisørtime

Tysvær kommune minner om at det er viktig at ein klipper vegetasjonen på eigedomen sin mot veg eller gangsti, slik at bilistar ikkje overser gåande skulebarn og syklistar. – Hekkar, buskar og tre må ikkje vekse ut i fortau og veg, opplyser dei.

– Hekkar, buskar og tre skal klippast slik dei ikkje veks over eigedomsgrensa. I soner som krevjer fri sikt, skal vegetasjonen ikkje vere høgare enn ein halv meter. Forgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje bli tvungne ut i vegbana på grunn av vegetasjon, skriv Tysvær kommune på sine nettsider.
Dei held fram med å opplyse om at vegetasjonen ikkje skal skjule gatelys, trafikkskilt eller andre type skilt. Dei påpeiker også at trafikantar, utrykningskjøretøy, renovasjonsbilar og vedlikehaldsmaskinar heller ikkje må bli hindra av vegetasjonen.
– Greiner frå tre skal henge minst 3,5 meter over fortau og sykkelfelt. Høgda over sjølve vegbana skal vere minst 4,7 meter. Greiner skal ikkje nå opp til ledningar, skriv kommunen.
Når ein har klipt hekken, må ein også rydde opp greiner og blader.
Frå årsskiftet 2020/2021 har alle private hushaldningskundar tilgang på eit digitalt kundekort i form av ei app, som heiter MiljøID. Denne vil registrere alt avfall som blir levert til miljøparkane. Om ein laster ned eit slik kundekort kan ein levere opp til fem tilhengarar/5 kubikkmeter gratis hageavfall i året, ifølgje kommunen.