Tysværbu omkom i lastebilulukka på E134

Det var ein mann i 20-åra frå Tysvær kommune som omkom i trafikkulukka i Etne kommune onsdag denne veka. Vedkommande arbeida for eit transportfirma på Haugalandet.

 

Det opplyser Politiet til Haugesunds Avis torsdag.
Det var like før klokka 17.30 onsdag ettermiddag at Politiet fekk melding om ei trafikkulukke med ein norskregistrert lastebil på E134 aust for Etne i Etne Kommune. Ein mann i 20-åra blei stadfesta omkomme. Det var ingen andre kjøretøy involvert, og ingen passasjerar i bilen.
Politiet er i dialog med mannen sine pårørende.