Ole Bjelland hos Karsten Bjelland AS hentar fram ein av dei nye varmtvasstankane. Slike gir lågare straumrekning.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ole Bjelland hos Karsten Bjelland AS hentar fram ein av dei nye varmtvasstankane. Slike gir lågare straumrekning. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Bygg & Bu: – Det vil komme nye tider

For dei aller fleste nordmenn er reint vatn i springen ei sjølvfølge. Men sløseriet me held på med kan brått ta slutt.

– Vatn er ein ressurs dei fleste nordmenn har eit avslappa forhold til. Me ristar lett på hovudet om kommunen legg ut vatningsforbod med ujamne mellomrom, eller ber oss om å sjekke om det er kranar og røyr som er lekk. Slik har det alltid vore, vatn har det vore meir enn nok av. Nå ser me at fleire, spesielt yngre folk, er blitt opptatte av grønt skifte og klimaendringar. Dei meiner at me ikkje kan halde på slik me har gjort, seier Ole Bjelland hos Karsten Bjelland AS.
For det er ikkje berre hos elektrikarane ein ser at ting er i ferd med å snu. Det grøne skifte har lenge vore på agendaen også hos Bjelland.
– I dag blir det montert inn vassmålarar i alle nye hytter, hus og næringsbygg. Ein dag blir det avgift på det, og då kan det vere greitt å ha ein plan for å bruke mindre vatn enn i dag. Eg seier ikkje at det er ein snarleg fare, men me ser at det stadig kjem nye krav og anbefalingar om å redusere vassbruken. Økonomisk kan ein hente ut ein gevinst allereie nå, seier Bjelland og tar oss med på ei omvising i næringsbygget dei eig i Aksdal Næringspark.

Sol gir varmt vatn
På taket er det montert solcellepanel. Det er rigga for ei utviding på sikt.
– Her får me nok energi til å ha varmt vatn på tankane i heile bygget. Det er ei investering som me ser at me kan tene inn igjen rimeleg raskt. I kjellaren har me laga eit teknisk rom kor me kan styre dei energikjeldene som me har. Her kan me stille temperaturar i alle rom og sjekke om det er stadar der det er for stort straumbruk. Summen av dette er sparte kroner. I eit privat hus eller ei hytte vil slike tekniske rom sjølvsagt vere mindre, men prinsippet er det same.
Lengre oppe i bygget står badekar og dusjkabinett på rekkje og rad.
– Det har lenge vore kjent, og heilt sikkert påpeika i dei fleste heimane, at å dusje til tanken er tom er dårleg butikk. Og av alt dei vaksne masar om, så er nok dette noko av det som er heilt rett. Tømmer ein tanken så kostar det faktisk mykje å fylle den opp igjen til 75 grader som er standard varme på vatnet. Det har sjølvsagt leverandørane fått med seg og varmtvasstankane i dag er av ein heilt annan kvalitet enn dei gamle. Ein ny tank løyser litt av problemet, men dei skal nå varmast opp dei og. Kortare dusj er nok det beste, seier Ole Bjelland.

Vatn og straum blir styrt frå teknisk rom hos Ole Bjelland.

Ekstremt
Badekar, jacuzzi, boblebad og stamper. Kjært barn har mange namn.
– Me får stadig kundar som har ein drøym om å ha store kar både ute og inne. Av og til er det ekstremt det som er skapt av forventningar. Det er sjølvsagt bra for oss, men det er viktig at ein tenker seg godt om. Det kostar, og det er både energi- og vasskrevjande. Men her er leverandørane med og lagar kar som er meir økonomiske i drift, seier Bjelland.

Lekkasjar
Ole Bjelland er likevel mest opptatt av det som ikkje viser på rekninga ennå, men som på sikt garantert kjem til å bli eit krav. Bruken av vatn i ufattelege mengder.
– Det verste er nok dessverre dårlege røyr som ligg i grøftene rundt om. Veit ikkje kor mange prosent det er av den totale vassmengda som forsvinn i grøftene, men det er mykje. Som huseigar kan du ikkje gjere så mykje med det. Men det du kan gjere er å sjekke røyr og kranar. Drypp det frå ein kran blir det store mengder vatn som renn ut i løpet av eit år. I tillegg til at det er dårleg butikk for dei som leverer vatn, så kan det også oppstå store skader på huset om slike røyr blir øydelagde. Mange av dei oppgraderingane me nå gjer handlar om å utbetre slike lekkasjar. Skal ein kjøpe seg noko nytt å bu i, så er det eit godt sjekkpunkt. Røyr og kranar som dryp, er ikkje bra å sjå på ei visning.
– Sparekranar og sparedusj var eit kjent uttrykk før. Korleis er det nå?
– Eg veit ærleg talt ikkje heilt kva eg skal seie til det. Effekten der trur eg er liten. Å ha ein sparekran på kjøkkenet er vel nesten berre å lure seg sjølv. Skal ein fylle ei gryte med vatn er vassmengda den same om det tar ti sekundar eller eit minutt. Det som er positivt med fokus på alle desse tiltaka er at ein blir meir bevisst. Difor er det også kjekt å høyre om at slike tiltak blir snakka om i skulen og blant dei unge. Det forbruket me har av vatn og straum i dag, kan ikkje halde fram i åra som kjem. Vatn er snart gull, det må me ikkje gløyme her me bur så trygt og godt i Tysvær. Som seljarar så må me også vere dette bevisst når kundar kjem inn og skal ha råd til sine prosjekt, avsluttar Ole Bjelland.