Om nokon ser familien (mor far og ein annan slik unge) til denne vakre svaneungen i Førre/Frakkagjerd-området, ta gjerne kontakt med Anita Hlegeland.
Om nokon ser familien (mor far og ein annan slik unge) til denne vakre svaneungen i Førre/Frakkagjerd-området, ta gjerne kontakt med Anita Hlegeland.

– Har du sett familien til han her?

Anita Helgeland var på veg heim Høievegen i går kveld. ved barnehagen på Frakkagjerd var det bråstopp. Midt i vegen gjekk ein fugleunge. den ville ikkje av vegen og til slutt måtte fuglevennen ta den med heim til garden der den fekk overnatte.
No treng ho hjelp:
– Om nokon ser familien (mor far og ein annan slik unge) til denne vakre svaneungen i Førre/Frakkagjerd-området, vil me gjerne ha eit hint om kvar dei er, så me kan ta han «heim» til dei andre så snart som mogleg. Han vart funnen vandrande aleine (utan refleks) på vegen ved FUS-barnehagen i retning Dragavika i går kveld. Han held på å bli påkøyrd fleire gonger. Me kunne ikkje gå frå han der, så me valde å ta han heim over natta. Ta gjerne kontakt på Facebook, seier Anita Helgeland.