Fredag er det lunsj: Howdy: For ei herleg overrasking

Countrybandet Howdy er klar med eit heilt splitter nytt album. Godt gjøymt hemmelegheit, men du verda for ei plate. Og fredag den 8. oktober speler dei gratis lunsjkonsert i Tysværtunet. Hugs å ta ut billett.

– Me jobbar med to-tre låtar, elles så er det stille, sa gitarist Oddvar Helgeland då me snakka med han rett før sommaren.
Vel, me lar oss gjerne lure når resultatet er så bra som albumet «Country classic», 15 coverlåtar med umiskjenneleg Howdy-vri.
– Me er kanskje blitt litt sære, ler gitarist Helgeland og vokalist og steelgitar-spelar Knut Edvin Norbotten der dei sit og gliser på kafé i Aksdal.
Sjølv om prosjektet har komme til bit for bit, er dei slett ikkje skuggeredde for å ta tak i gamle countryklassikarar og gjere dei om til sine eigne.
– Dette er songar som har vore rundt oss i mange år. Gjerne spelt på ein gamal kassettspelar eller i bilen. Så får ein eit forhold til dei og dei smyg seg under huda på deg. Etter kvart begynner ein å spele og synge på dei, seier Norbotten, som har vokal på det meste av songane.
Per Steinar Norbotten er også med i trioen på gitar og song, men dette handlar mykje om duoen som sit her og skal prøve å forklare korleis Nedstrand kan bli eit norsk Nashville.

Ekte
– For det første er dette ekte musikk med produksjonar som gjer at ein kan leve seg inn i musikken. Ein får ein enorm respekt, samstundes som ein vågar å ta tak i songane og gjere dei til våre. Oddvar jobbar ofte heime i studio og legg på ein del som eg kompletterer saman med Per Steinar. Det er eit teamarbeid på noko som eigentleg er litt personleg, smiler Knut Edvin lurt.
– Kan ei forklare sounden som ein her er på jakt etter?
– Det er ein twang frå -60-talet som triggar oss. Litt slik Bakersfield-stil som mange countryelskarar lyttar etter. Me har eit kravstort publikum som kan sin musikk. Difor er det ekstra kjekt når det me gjer fell i smak, seier Helgeland.
– Har det vore lett å velje ut låtar?
– Nei, ikkje i det heile tatt. Kunne velge blant 500 og enda opp med 15, som nå blir gitt ut digitalt. Kanskje kan me få til ein avtale slik at dei kjem på LP. Det hadde vore stas, smiler dei to.

Roleg
Koronapandemien har gjort at dei tre musikarane har hatt god tid. Song for song har dei jobba seg fram til sluttproduktet.
– Me blir aldri 100 prosent nøgde, slik er me berre bygd. Men hadde me ikkje sett sluttstrek nå, så hadde me berre begynt på ny igjen. Slik har det alltid vore. Me har ein enorm respekt for slike gitarbaserte låtar. Det skal vere ein harmoni mellom song og gitar. Og me jobbar og jobbar med detaljer til me er nøgde.
– Og nå skal bandet ut og spele live?
– Me håper sjølvsagt på mulegheiter til det. Me er eit format som passar mange stadar. Først blir det gratis lunsjkonsert i Tysværtunet den 8. oktober. Det ser me verkeleg fram til. Å få presentere nytt materiale på ein så stor scene blir rått. I tillegg tar me med eit par av våre gamle hits. Det er berre å oppfordre folk til å hente ut gratisbillettar i ein rasande fart, seier Norbotten.

Kvalitet
Kva er det så trioen har henta frå arkivet og gitt nytt liv? Vel, her er det ingenting å trekke for kvalitet og speleglede. Miksen av songane er også bra og eit par favorittar skil seg raskt ut. «Past the Point Of Rescue», også kjent frå Hellbillies «Krasafaren steinbu» med originaltekst av Mick Hanly er absolutt albumet sitt høgdepunkt. Også «Mercury Blues» kjent lokalt frå videoen under årets «BlirBra-festivalen» i Tysvær har mykje med seg. «Sing me back home» er det nok mange som kjenner att og «My Next Broken Heart» var det swang over. Som bonus blir det også gjenhøyr med Pink Floyd-låta «Comfortably Numb» som dei hausta mykje ros for sist dei var på lunsjkonsert.
Knut Edvind Norbotten klarer seg svært bra som vokalist, steelgitarspelet har det aldri vore noko feil med, og nå slepp han verkeleg til. Oddvar Helgeland på gitar har eg skrive om før, og ein lar seg verkeleg imponere over variasjonane og den utrulege gitarlyden han klarer å plukke fram gong etter gong. Han har i tillegg lagt på bass og trommer.
Totalinntrykket? Personleg blir eg både glad og stolt over at me har musikarar på dette nivået i vår kommune, og ei slik kvalitetsplate blir aldri feil. Me gleder oss til dei slepp laus på ei scene nær oss.

Ny plate

Terningkast 5

Contry classic
Howdy
Digitalt album
Oddvar Helgeland, Knut Edvin Norbotten og Per Steinar Norbotten
15 songar
Utgitt 2021