Kjell Harald Litangen har brukt pandemipausen godt og har gitt ut to soloalbum.
Kjell Harald Litangen har brukt pandemipausen godt og har gitt ut to soloalbum. FOTO: Privat

Supergitaristen har vore heimesitjar

Du har garantert sett han enten live eller på fjernsyn. Det var han som spelte med Lido, det er han frå Idol og The Voice. Kjell Harald Litangen hadde timeplanen full då pandemien kom. Då den var over stod han att med to plater.

– Det er sjølvsagt heilt spesielt å kunne snakke om sine eigne plater for meg som stort sett har spelt med og for andre. Då Norge stengte ned 8. mars hadde eg ein jobb igjen som ikkje var blitt avlyst, i Stavanger dagen etter. Då meldinga om at den også var kansellert, så skjøna eg at dette kom til å vere kvardagen framover. Eg gjekk bokstaveleg talt i kjellaren, fortel karmøybuen som også er kjent i Tysværtunet for sitt samspel med Vidar Johnsen og konsertane «Heim til jul».

Mobilen
Nå er det slik at svært mange gjekk i den berømte kjellaren og knapt har rørt gitaren dei siste åra. Men Litangen tok det som ei utfordring.
– Eg tok tak i meg sjølv og jaga meg inn i heimestudioet mitt og begynte å laste ned ein del klipp eg hadde på mobilen. Litt sånn nerdeklipp med riff, eller lydar, eller kanskje anna som eg hadde tenkt kunne vere kjekt å ha. Og så blei dei kjekke å ha heilt plutseleg. Eg sat og jobba lange økter i studio og laga det som blei plata «Diversions», som kom ut i 2021. Plutseleg var det eg som var framme i lyset og det var litt nytt. Heldigvis var det mange som kom med ros og som synest at det eg jobba med var spennande. Gitarinstrumental musikk har alltid hatt ein plass i norsk musikkliv, men å sjølv gjere noko slikt var utfordrande, seier Litangen.
Etter suksessen rundt debutplata tenkte skudnesbuen at dette kunne han gjere meir utav. Som tidlegare elev ved musikklinja på Skeisvang, og ikkje minst frå tida på musikkonservatoriet i Kristiansand hadde han opparbeida seg eit solid nettverk av musikalske venner. Mellom dei vår eigen Espen Eriksen og ikkje minst trompetisten Ole Edvard Antonsen.

Radiohit
– Det var herleg å få med andre artistar på plata, ein blir litt aleine der ein sit dag ut og dag inn og speler på sitt eige materiale. For meg var det litt uvant å ikkje ha noko konkret å øve mot. Så eg inviterte eit knippe av mine gode venner til å bidra, og det blir ein slags duett på plata «A fine line», som nettopp er komme digitalt. Sjangeren er jazz, med ei tydeleg melodilinje. Ole Edvard Antonsen, Kjetil Dalland, Espen Eriksen, Torstein Lofthus og Thomas Dahl skal ha sin del av æra for at albumet blei så bra som det blei. Det var tydeleg at alle var sugne på å gjere noko positivt, seier gitaristen.
– Så enda det opp med noko så pass uvanleg som ein radiohit for ei instrumentallåt?
– Å høyre låta «Leilani» spelt på lokalradioen var stort, og høyrer den blir spelt jamleg. I tillegg så er det kjekt at folk tar seg tid til å lytte til nye typar musikk. Eg har bygd eit album bit for bit, gitt det ut, gått laus på eit nytt der eg har invitert kremen av jazzmusikarar og enda opp med album nummer to på to år. Då må eg få lov å seie at det er utruleg motiverande og gull etter ein svært tung periode å få slike tilbakemeldingar som eg nå gjer.
Espen Eriksen er med på songen «A time of Day».

Anna verd
Mange har nok sett Litangen hoppe fram på scena bak svært mange kjende artistar dei siste åra. Då han spelte toppkonsert med Lido var det mange som blei ståande å kikke på det eminente gitarspelet.
– Kva skjer no? Soloturné?
– Nei, så lett er det ikkje, men at eg ein dag kan få spelt noko av dette live trur eg på. Heldigvis begynner kalenderen å fylle seg opp igjen. Konsertar og ikkje minst juleshow er i ferd med å bli booka igjen. Så kan eg heldigvis sjå meg tilbake på to av dei vanskelegaste åra som musikar med eit stort smil. To plater kom det ut av det. Om det hadde skjedd i ein normal kvardag? Neppe. Så nå håper eg at haugalendingane finn meg på nett og kosar seg med songar som kanskje viser ei litt anna side av meg enn berre «han der gitaristen» som så mange har sett og høyrt over alt, ler Kjell Harald Litangen.


Musikkanmeldelse: Kvifor ikkje?

Det er i motbakke det går oppover. Slik også for supergitarist Kjell Harald Litangen. Då spelejobbar blei avlyst og alt gjekk i svart gjekk lyset opp for karmøybuen.
Kvifor ikkje lage ei plate og to?
Svaret er heldigvis for slike tankar for albuma «Diversions» og «A Fine Line» er to spennande album i sjangeren gitarjazz, men noko attåt. Styrken til Litangen er at han slett ikkje treng å overdrive i gitarspelet for å imponere, heller tvert om. Han er leiken, litt stillferdig, men likevel så klokkereint at det er ei fryd å lytte til. Det gjeld på begge albuma, men det er freistande å seie at han har tatt det endå eit par knepp vidare på album nummer to.
Nå er det sli at for meg var «Diversions» det albumet som gjorde meg mest nysgjerrig. Kav kunne skudnesbuen få ut av sin gamle opptak på mobilen. Reint mykje skulle det vise seg. Det er ingen tråd eller sunn fornuft i det han har enda opp med, heldigvis. Det er pur speleglede servert på ein aldeles fortreffeleg måte.
På A Fine Line har han invitert til eit knippe duettar med meir eller mindre kjende folk i frå «gamle dagar». Det funkar så det held og samspelet med Ole Edvard Antonsen på «Leiladi» har fått radiospeling, noko som er heilt på sin plass. Også låten «Before I Go» med Vamp-bassist Kjetil Dalland er eit perlespor som viser leik på strenger måte både djupe og lette tonar.
Tysværbuen Espen Eriksen er med på ein litt småkul «A time of Day», litt nærare komfortsona til Litangen enn Eriksen vil eg tru.
Det er berre å laste ned for slik musikk kjem ikkje rekande i tide og utide.

Musikkanmeldelse:

Terningkast 5

Diversions
Litangen
Digitalt album
Kjell Harald Litangen
alle instrumen
Utgitt 2021

A Fine Line
Litangen
Digitalt album
Med Kjell Harald Litangen, Ole Edvard Antonsen, Kjetil Dalland, Espen Eriksen, Torstein Lofthus og Thomas Dahl.
Mix: Ruben Dalen
Mastering: Morgan Nicolaysen
Utgitt 2021