Embla 2021 er: Kari Askheim Liknes, Sissel Eikeskog, Vibeke Osnes, Lars J. Liknes, Gisle Molland, Lars Røthe, Egil Lindanger og Roy Strømø.
Foto: Privat
Embla 2021 er: Kari Askheim Liknes, Sissel Eikeskog, Vibeke Osnes, Lars J. Liknes, Gisle Molland, Lars Røthe, Egil Lindanger og Roy Strømø. Foto: Privat

I storsalen i kveld: Endeleg lukkast Embla å få plass

Å planlegge konsert i storsalen på kulturhuset har ikkje vore lett dei to siste åra. Berre spør gjengen i Embla. Men nå…

– Eg trur det er tredje forsøk me gjer no på å få til ein konsert i storsalen i skikkeleg Embla-ande. Med mykje herleg musikk i fleire sjangrar denne gongen. Musikk som kan nytast, men som også er til litt ettertanke. Sjølv om det har vore frustrerande å vente på denne sjansen, så er me nå superklare, seier Kari Askheim Liknes i Embla om konserten i kveld.
Det har på ingen måte vore lett å planlegge noko som helst dei siste åra, men nå opnar verda seg også for vokalistar og musikarar frå vokalgruppa Embla som dei kallar seg. «Smud jazz» er framleis på programmet, men denne gongen har dei også funne plass til litt anna. Ikkje så reint lite faktisk.
– Me har hatt vårt program i mange år med hovudvekt på standard jazzlåtar. Denne gongen har me faktisk premiere på ein heilt ny song skriven og framført av Sissel Eikeskog. Den håper me fell i god smak. Så har me invitert med oss multimusikar Frode Lindanger, som mellom anna har inspirert Sissel til å skrive sin song. Han skal ha eit par instrumentallåtar som eg vil kalle ligg i yogamusikk-landsskapet. Nydeleg er vel det som beskriv dette best. Slik sett blir det uvanleg mange variasjonar i ein Embla-konsert, smiler Askheim Liknes.

Morten er med
At Morten Salvesen dukkar opp i kulissane er derimot meir tradisjon. Slik blir det også denne gongen.
– Me synest det er utruleg kjekt at Morten har lyst til å vere med å binde dette saman. Han skal gjennom korte forteljingar og dikt lose oss trygt gjennom konserten.
– Må nesten spørje om det er eit tema som blir ein raud tråd?
– Musikkopplevinga er tråden vil eg tru, men me har nettopp lagt bak oss dagen for psykisk helse. Veit at det kjem til å bli litt snakk og musikk rundt det. Elles så er det ein oppdatert versjon av den musikken me driv og syng på om dagen. Eg trur folk har godt av å komme ut nå, treffe andre og kose seg med levande musikk. Dette skal vere heilt ned-på og ein konsert der ein skal kunne slappe av og nyte. For oss er det viktig, og me prøver å skape denne gode opplevinga gjennom songar som spenner frå gospel, via nyare norsk musikk til jazz, seier Askheim Liknes.

Jul
– Korleis ser hausten elles ut for Embla?
– Det er alltid planar på gong, men det mest konkrete er at me endeleg er tilbake og skal spele lunsjkonsert i den same salen i desember. Då blir det ein god halvtime med dei flottaste julesongane våre, det ser me verkeleg fram til. Me er så mange i Embla nå, at det faktisk er litt jobb å samle alle saman. Men til begge konsertane kjem me med fullt band i tillegg til oss tre som syng, avsluttar Kari Askheim Liknes.
Embla 2021 er: Kari Askheim Liknes, Sissel Eikeskog, Vibeke Osnes, Lars J. Liknes, Gisle Molland, Lars Røthe, Egil Lindanger og Roy Strømø. På konserten vil også Morten Salvesen og Frode Lindanger vere med.