Kunstnar Axel Rios og Munor gler seg til å gjeste Tysværtunet med framsyninga «Las manos de Munor» fredag denne veka. 
Foto: Privat
Kunstnar Axel Rios og Munor gler seg til å gjeste Tysværtunet med framsyninga «Las manos de Munor» fredag denne veka. Foto: Privat

Rift om billettane til lunsjkonserten, fredag: Eit kunststykke i Tysværtunet

Det er duka for ny lunsjkonsert i Tysværtunet, og denne gongen kan ein oppleve eit samspel mellom to kunstformar. Kunstnar Axel Rios skal prøve å fange musikken til Munor og musikarane sine handrørsler, og utrykke dei på papir.

Konserten har fått namnet «Las manos de Munor». Manos tyder «hender» på spansk.
Axel Rios fortel at han alltid høyrer på musikk når han arbeider, men at dette er på eit heilt anna plan.
– Vanlegvis er musikken meir i bakgrunnen. Nå blir teikninga påverka av musikken. Dersom musikken til dømes går sakte, er det vanskeleg å teikne med raske rørsler, seier Rios, som gler seg til arrangementet i Tysværtunet.

Nybrottsarbeid
Axel Rios fortel at både han og Munor held til på Staalehuset i Haugesund, og at det var her dei blei kjend. Dei lufta tanken om eit samarbeid, og så kom ideen om at Rios kunne teikne medan MUNOR spelte. Konserten på Tysværtunet er ein av to slike- den første blei halden på Staalehuset tidlegare i haust.
Rios synst det er veldig kjekt at to kunstformar, og publikum, kan møtast på denne måten. Han fortel at han har øvd saman med Munor, men at det aldri er heilt forutsigbart korleis resultatet blir. Han fortel at han skal ta i bruk ulike teknikkar, som kol og pastell når han teiknar med Munor. Det skal til slutt bli ei stor skisse, som gjenspeglar dei musikalske verka.
– Musikarane som er med synst det er spennande å gå inn i eit så stort prosjekt, bli kjend med kvarandre og kva ein står for både kunstnarisk og menneskeleg. På ganske få dagar har me måtte komme fram til eit felles resultat presentabelt for publikum. Og det er nybrottsarbeid. I tillegg er det veldig kjekt å kunne gjere produksjonen fleire gonger, og i denne samanhengen blir ingen av framføringane like, skriv Rios og Munor til Tysvær Bygdeblad.

«Kunstmusikk til alle»
Axel Rios er frå Chile, og bur i Tysvær. Rios er medlem av Norske billedkunstnere. Han har atelier på Staalehuset i Haugesund, og deler si kunstverksemd mellom kunstproduksjon for utstillingar, til det offentlege rom, workshop med ungdommar og kunstfaglege styreverv.
Musikkselskapet Nordvegen (Munor) sysselset og organiserer profesjonelle musikarar i Nord-Rogaland i tett samarbeid med det generelle kulturlivet. Munor har som visjon «Kunstmusikk til alle», og har spesielt sett det som sitt mål å ta vare på kulturarva den klassiske musikken representerer. Ensemblet består av Bernhard Gismervik – dagleg leiar/ fiolin, Almuth Chylek – fiolin, Tobias Tellmann – Cello og Marina Johansson – piano.

Lunsjkonserten er gratis, og arrangementet er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad. Til nå har mange tatt ut billett, så du må raske på om du vil ha ein god plass.