Denne gjengen fann tonen då det skulle byggast rullepark. Simon Andreas og Sondre Gaard, Ørjan Gundersen, Bjarne Tønnesen, Michal Skogland og Geir Stakkestad.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Denne gjengen fann tonen då det skulle byggast rullepark. Simon Andreas og Sondre Gaard, Ørjan Gundersen, Bjarne Tønnesen, Michal Skogland og Geir Stakkestad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Fantastisk å få til samarbeid

– Mitt råd til alle som har lyst til å få til noko i Tysvær, er heilt opplagt å lage seg ein plan for kva ein vil, snakke med dei rette folka og aldri gi opp.

Sitatet kjem frå Michal Skogland, eit namn du kanskje kjenner igjen frå rulleparken på Frakkagjerd. Han veit mykje om samarbeid mellom innbyggarane og kommunen.
– Ein høyrer alt for ofte folk snakke om at alle andre får, men ikkje me. At kommunen berre satsar ein plass og aldri der me bur. Slikt er berre tull, og det må me legge vekk. Dei som har ein idé, kan lage eit godt prosjekt og ta kontakt med dei rette folka i kommunen. Då kan dei få til det umulege, uansett kor ein bur. Det heiter vel at det umulege berre tar litt meir tid, smiler Skogland.
For ei god stund sidan kom han heim frå Holland etter eit lengre opphald der. I nabolaget i treskolandet var det rulleparkar med stor aktivitet. Aller best var det at mange av dei som var der dagleg, ikkje var slike ungdommar som lag og foreiningar fangar opp.
– Eg blei inspirert av det eg såg og tenkte med ein gong at dette var noko Frakkagjerd skreik etter. Då eg hadde fått etablert meg i Tysvær, starta me ein prosess der me laga ein plan for ein ny rullepark her. Eg kontakta lokalavisa, politikarar og folk i administrasjonen. Det var ikkje jubel med ein gong, men me blei møtt med respekt og eit ønskje om å få noko til. Me valde etter kvart å kontakte Stegaberg IL og naboane der. Alt dette gjorde at me fekk tru på eit prosjekt, seier Skogland.

Sei di meining her: https://tysver-bygdeblad.no/2021/11/12/test-poll/

Eventyr
Resten er eit eventyr. Det er bygd ein rullepark med aktivitetar for ungdommar i alle aldrar.
– Så di erfaring er at det er muleg for mannen i gata og få til noko saman med kommunen?
– Svaret på det er ja. Eg ville ikkje sende inn spørsmål om kommunen kunne lage ein rullepark, eg ville vere med og bidra. Eg har vore i Sør-Korea og eg har reist mykje i jobben. Der har eg sett aktivitetsanlegg som me kanskje kunne fått til i Tysvær også. Me må dele på erfaringar. Eg og dei eg hadde med meg hadde idear, kommunen sine folk hadde fagkompetansen og gjennomføringskrafta. Saman fekk me dette til, og slik kan ein heilt sikkert også lukkast andre stadar i kommunen, seier Skogland.
Skogland blir ivrig når han fortel om samarbeidet, om ventetida, om lokalpolitikarar som bryr seg, og om hjelpa dei fekk frå kommunen då dei trengte det.
– Det er vel ikkje å ta hardt i når ein seier at mange meiner at det er vanskeleg å få til noko med kommunen på laget?
– Nei, det trur eg nok mange kjenner litt på. Men mitt råd er som sagt at ein set seg ned, lager eit prosjekt med skisser og fortel kva ein vil, kva ein kan bidra med, og ikkje minst kvifor ein er engasjert. Berre det å bli kjent med dei som jobbar med slikt i kommunen er ein ekstra bonus. Nå kjenner me systemet, og det kan me nytte oss av seinare.
– Du reagerte på uttrykket «får det aldri her»?
– Det har eg alltid gjort. Kommunen har eit samfunnsansvar, idrettslag og velforeiningar det same. Men utan personlege initiativ har me ingen sjanse til å skape noko. Kikkar me gjennom skogen og bort på Nappatjørn, ser me ein fantastisk tennisbane og eit flott leikeområdet. Ingen skal tru at dei berre har fått det. Dei har hatt ein idé og kjempa for det. Slikt blir det resultat av, seier Michal Skogland.

– Heilt rett
Ein som kjenner til entusiasmen i gjengen bak rulleparken har, er idrettskonsulent Geir Stakkestad. I snart 15 år har han jobba tett på lag og foreiningar som har ønsker og planar.
– Om me ser bort frå dei store idrettsanlegga, så vil ein raskt få auge på resultat av gode lokale prosjekt som kanskje har starta heime på eit kjøkkenbord. Eg er heilt einig i at ein må ha ein plan, så får me her på huset stille opp og hjelpe om det er noko me har meir kompetanse på. Det kan vere finansiering, men også når det gjeld kven som eig areal og om det i det heile tatt er lov å bygge, eller lage til fellesareal der ein ønskje.
– Kan du gi døme?
– Ja, det kan eg godt. Michal nemnte tennisbanen, men også løypa bort til Nappatjørn. Å få gatelys der er eit resultat av utrøytteleg arbeid frå Oskar Amdal og Stegaberg IL. Dei ville ha dette og har jobba lenge for det. Nå ser me frisbeebanar dukke opp, og me har fleire fellesområde som Hestaberg og Hervik, der det nå er stor aktivitet. Gode lokale initiativ, der det har blitt eit samarbeid med kommunen.
– Kva rolle vil kommunen ha i framtida i slikt arbeid?
– Me kan bidra på mange felt. Når ein har jobba med dette i så mange år, ser me kva som kan gjennomførast og kva som eigentleg er eit dårleg prosjekt. Men så har ein alltid ein x-faktor i eigeninnsats. Det er garantert prosjekt som er ferdigstilt som me på rådhuset har rista på hovudet av, den gongen dei kom opp som forslag. Men alt går om ein jobbar saman og legg vekk det ein ikkje kan gjere noko med. Eg synest også at tonen i bygdene har blitt betre med åra. Nå har me hatt ei utruleg utbygging av fellesareal for aktivitet, og ein skal bu rimeleg aude om det ikkje er eit tilbod i nærleiken. Så mi oppfordring er alltid at ein må ta kontakt, så skal me saman gjere alt me kan for å lukkast. Det er aldri ein garanti for at alt kan løysast, men me gir oss ikkje utan kamp. Innbyggarane og me i kommune er til saman ein stor ressurs. Skal Tysvær lukkast i framtida med innbyggarinitiativ, er dette ein arena der det er trygt å starte. Om ein slåst for ein ny sykkelpark eller gatelys i akebakken, kan det vere like viktig for den og dei det gjeld. Det må me aldri gløyme. Alle er viktige, det er difor me har lukkast så godt, avsluttar Geir Stakkestad.