John Egil Osteig på besøk i Bygdebladet for å fortelle om den digitale satsinga i Tysvær kommune.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
John Egil Osteig er digitalsjef i Tysvær kommune. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Framtida er eit trykk unna

I ei tid der kommunar snakkar om sparing og klokare drift, blir det jobba med løysingar som skal sørgje for nettopp dette. Løysingar som berre er eit trykk unna.

I vår serie om framtidas Tysvær har me denne veka fokus på korleis digital teknologi kan gi kostnadskutt, samstundes som ein får betre tenester. Nokre tenester er allereie testa og i bruk, men det jobbast heile tida med å finne nye område der du og eg kan klare oss betre sjølv, ved hjelp av ein telefon eller ei datamaskin.
– Det er to element som her spesielt spelar inn, og det er tilgjengelegheit og kompetanse. Det hjelper ikkje om ein har verdas beste digitale plattform om ingen kan bruke den, eller at me har verdas beste kompetanse, men ingenting å bruke den på. Difor blir det nå forska på og jobba med å utvikle tenester som både er gode, og som folk flest har nytte av. Får ein det til, vil det også gi økonomisk gevinst, både for kommunen og for innbyggjarane, seier digitalsjef i Tysvær, John Egil Osteig.
Tysvær Bygdeblad har fleire gonger vore på kontoret til Osteig og fått oppdateringar om kva som skjer, og kva ein tenkjer om den digitale framtida. Det skjer noko heile tida, og eit viktig punkt kan nå straks kryssast av.
– Dei aller-aller fleste nå har fått breiband. Det blir eit før- og etter-moment som gjer at me nå kan planlegge likt for heile kommunen. Å spare handlar ofte om tid og personar. Kan me lage digitale løysningar som gjer at det ikkje blir like tidskrevjande å utføre kommunale oppdrag, vil det gi merkbar gevinst. Det er slik at å møte opp fysisk, eller å søkje på diverse tilbod, også tar tid og kostar pengar for innbyggjarane. Difor må me sjå om det er tilbod som kan løyast heime eller der ein er.

Optimistisk
– Har ein fått signaler på kva folk meiner om dette?
– Me har hatt dialog med ein del brukargrupper av dei digitale løysningane som er dag, og det har vore i ein optimistisk tone. I dag er mange trygge på å vere online og betalar i nettbank og bestiller varer på nett. Så me startar ikkje på null med å utvikle nye løysingar. Det kan vere så enkelt at me kan overvake vegar, offentlege stadar, trafikkmønster og så vidare utan å måtte sende ut mannskap til å gjere jobben å sjekke. I det offentlege kan me vidareutvikle til dømes vaktlister, oversiktar over kor tilsette er, hjelp til heimehjelpa og til andre som er ute og server innbyggjarane.
– Kor har ei komme best i gang?
– To eksemplar som har vore omtala er lys og søppel. Me kan nå følgje med og sende ut mannskap når søppelspann er fulle, og difor slepp me bomturar. Lys kan me styre frå appar, noko som gjer at me kan kutte kraftig i straumrekninga. I tillegg har me komme langt med digital satsing i skule og helse. seier Osteig.

Ikkje aleine
Samarbeidet mellom kommunane i landet viser at digitale tenester og digital kompetanse er prioritert. Ein gjer kvarandre gode og deler gladeleg erfaringar.
– Det vil alltid vere nokre lokomotiv som har prøvd ut litt meir og er komne litt lengre enn andre. Spesielt me i litt mindre kommunar nyt godt av det. Samstundes som me utviklar stadig nye område, er det også viktig at me informerer og skapar forventningar om ei digital framtid. Eg tenkjer at me i Tysvær har kome inn på eit godt spor, der spesielt skule og helse innan kort tid vil ha nye og store mulegheiter som ein berre for få år sidan ikkje visste om. Det vil vere tenester som gir økonomisk gevinst, men også utvidar tilbodet og skaper kompetanse. Berre tenk kva ein kan få til med å vere kopla opp mot andre institusjonar innan skule og helse og kommunisere digitalt. Ok, det kan bli mindre reising, men læring kan like godt skje der ein oppheld seg dagleg. Det er eit av måla våre, seier John Egil Osteig.
Det er ein del som fryktar at ei digital verd også kan bety at dei blir meir overvaka av det offentlege.
– Då må ein spørje seg om kva og kor ein blir overvaka. I mange situasjonar kan ei slik overvaking vere til stor hjelp. I Norge er det i tillegg svært strenge reglar for privatlivets fred, så det blir konspirasjonsteoriar å tru at me legg digitalt til rette i kommunen for å overvake enkeltindivid. Eit enkelt eksempel er at ein i ei seng kan ha ein sendar som viser om ein pasient som bur aleine heime har kome seg opp om morgonen, eller har lagt seg om kvelden. Ved avvik kan ein rykke ut til denne personen i staden for å måtte reise heim til vedkomande for å sjekke. Så kan ein diskutere om dette er framsteg, mange meiner det, meg inkludert, avsluttar John Egil Osteig.