Songar og musikarane Erik og Amelie Aldner er busett i Suldal, og kjem for å halde julekonsert i Nedstrand kyrkje. 
Foto: Privat
Songar og musikarane Erik og Amelie Aldner er busett i Suldal, og kjem for å halde julekonsert i Nedstrand kyrkje. Foto: Privat

Tysdag lover ein julemagi i Nedstrand kyrkje

Tysdag blir det julestemning i Nedstrand kyrkje, når Amelie og Erik Aldner gjestar kyrkja med kjende og kjære julesongar.

I vår papirutgåve sto det at konserten er måndag. rett dag skal vere tysdga.
OPPDATERT frå sokneprest Dag T. Milje: Me har måtte avlyse fleire arrangement, men denne konserten på tysdag reknar me med å kunne gjennomføre.

Amelie og Erik Aldner lagar sine eigne versjonar av kjende julesongar med utgangspunkt i stemma og saksofonen.
– Repertoaret spenner frå tradisjonelle songar og klassisk repertoar til jazz og pop, fortel artistane.
Dei lova ein rein stemningsfull og magisk julekonsert, der ein mellom anna får høyre norske klassikarar som «Mitt hjarte alltid vankar» og «Det lyser i stille grender» og amerikanske julesongar som «O helga natt» og «White christmas».

Artistar frå Suldal
Amelie Aldner er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule og Operahøgskulen. Frå 2009-2014 jobba ho som solist ved Den Norske Opera og Ballet.
– Amelie er uansett sjanger kjend for si sterke formidlingsevne og sjelfulle song. Erik Aldner er utdanna saksofonist frå Norges Musikkhøgskule. Han er nytenkande som artist og er driven i mange ulike sjangrar. Han har spelt alt frå klassisk til pop og prog-jazz, heiter det i beskrivinga av artistane.
Amelie og Erik bur i Suldal, og i tillegg til Nedstrand held dei konsert i fem andre kyrkjer og håpar at dette skal bli ein årleg tradisjon.