Søppelinnsamlinger er et viktig bidrag.
Søppelinnsamlinger er et viktig bidrag.

– Me som kommune må vere førebilete og gjere vår del av jobben

Ryddeaksjonar, miljødetektivar, engasjement og eit reinare Norge. Det er mykje positivt, der alle må ta sin del av jobben.

Miljøengasjementet på Haugalandet er sterkt, og det er mange som vil vere med å gjere ein skilnad. Sentralt i engasjementet er kommunane.
– Det er inga tvil om at kommunane må vere førebilete og legge til rette at engasjerte inn-byggarar kan vere miljøbevisste og vere med på å gjere ein skilnad. Det er inga tvil om at samarbeid må til om me skal lukkast i å snu den negative miljøtrenden som har vore, seier miljøkonsulent Marlin Øvregård Løvås i Tysvær kommune.
I ei tid der strandrydding, søppelsortering, lokale ryddeaksjonar og engasjement frå liten og stor stadig er i nyheitsbilete, så må også det offentlege vere med på laget.
– Kommunen kan vere eit førebilete på mange måtar. Me er over 1.000 tilsette, og når me gjer små grep, vil mange sjå resultat av det og kanskje ta det med til sitt nærområde. Resirkulering, kjeldesortering, miljøvennlege innkjøp og mindre bruk av straum er noko av det som det akkurat nå er fokus på. Av og til, eller ganske ofte, så er det lett å gløyme det me alle kan bidra med, og berre tenke stort, seier Løvås.

Bli med og si din mening: https://tysver-bygdeblad.no/2022/01/20/har-du-endret-noen-vaner-som-har-fort-til-mer-miljo-eller-klimavennlige-handlinger/

På agendaen
Miljøkonsulenten fortel om mange store og små prosjekt som jamleg hamnar på agendaen.
– Sjølvsagt skal me ha fokus på dei store linjene og dei utfordringane som er knytt til det. Det er krevjande og tar mykje tid. For kommunen er blant anna god arealplanlegging, miljø-vennlege nybygg og miljøkrav i anskaffingar viktig. Men må ikkje gløyme det som du og eg kan gjere, og som til saman utgjer ein skilnad. Difor kan me bli endå flinkare til å legge til rette for søppelinnsamling og miljødugnadar, og ikkje minst, kampen mot matsvinn. Dette er heldigvis noko som engasjerer både liten og stor, og som me i det offentlege må vere med å legge til rette for.
– Mange meiner at det er kommunen som skal rydde opp?
– Historisk heng nok dette i, men me ser at med dagens returløysingar og det gode samarbeidet me har med HIM, så er dette blitt betre. Skal me få bort kvardagssøppel og forureining, må returrutinar vere på plass. Me må bruke dei mandata me har til å få på plass gode inter-kommunale løysingar som opnar for lettare levering av avfall og gode henteordningar.
– Før var ei av utfordringane mange små lokale søppelplassar. Korleis er det nå?
– Heldigvis er det sjeldnare og sjeldnare me får tips om slik. Men me veit at framleis kastar folk avfall i naturen eller brenn avfall ulovleg. Her er det informasjon og haldningsskapande arbeid som er viktig. Difor er det ekstra kjekt å høyre om skuleklassar som har miljøvern som tema. Rekruttering av miljøbevisste ungar og ungdommar er utruleg viktig, seier Løvås.

Miljøfyrtårn
Miljøvern kan vere så mykje, og Løvås fortel om ei rekkje tiltak som er gjennomført etter at Tysvær kommune og rådhuset blei eit Miljøfyrtårn.
– Me ser at bevisstgjering er ein stor skilnad. Nå er målet at alle våre bygg skal bli Miljøfyrtårn og leve opp til dei reglane som gjeld for ei slik utmerking. Me ser at når ein begynner i det små, med det ein kan gjere noko med, ja, så kan me ta det med oss som erfaringar også i dei store og tunge miljøsakene. Eg trur me aldri skal undervurdere viktigheita av å gjere noko i nærmiljøet eller heime. Målet må vere å bli bevisst. Det er ikkje mange åra sidan det var vanleg å ta med søppel på båtturen og kasta det over bord, eller kasta søppelet frå seg når ein køyrde tur. Me er heldigvis komne lengre enn det, og vår jobb i det offentlege er heile tida å legge til rette, vere førebilete og ikkje minst motivere for eit tak for fellesskapet. Og når ein tenkjer på alle dei områda der me har miljøtrussel hengane over oss, må me også våge å utfordre vår eigen komfortssone. Miljøvern er heldigvis på agendaen i Tysvær og i Norge om dagen, nå må me berre vise at det også skaper haldningsendringar, seier Marlin Løvås.