Espen Eriksen og Gunnar Halle er klar med ny plate og kjem til Tysværtunet i kveld.
Espen Eriksen og Gunnar Halle er klar med ny plate og kjem til Tysværtunet i kveld.

I kveld blir det ein heilt unik konsert i Blackboxen

Espen Eriksen og Gunnar Halle har gjort det før. Leika seg med både julesongar og salmar. Nå er det våre kjende og kjære songar frå songboka som har fått nytt tonefølgje. I kveld sepelr dei i Tysværtunet.

– Dette er eit prosjekt som me har jobba ganske lenge med. Utgangspunktet er Mads Berg si songbok som mange har sunge seg gjennom på skulen. Me har henta fram åtte av våre favorittar, tatt dei med oss i studio og slepp nå plata «Sangboka» både på CD og strømming.
I forhold til dei to andre temaplatene våre som nærast vart improviserte fram i studio, har denne plata meir klare arrangement. Samstundes er oppskrifta den same som før. Det er framleis oss to på piano og trompet som leikar oss med klangar og improvisasjonar rundt solide melodilinjer, slik at det blir vårt stempel på det, seier Espen Eriksen.
Det å velje i ei stor songbok med eit utal av titlar er ikkje lett. Berg si songbok har vore ein del av norsk skule si musikkopplæring sidan den kom ut i 1914.
– Nei, det var faktisk ei utfordring. Men me valde songar me sjølv likar, og som me følte me kunne tilføre noko. Håper sjølvsagt at dette også er gode minner for mange andre, seier Eriksen.

Kjend
Og med songar som «Mellom bakkar og berg», «Byssan lull», «Jeg er havren» og «Blant alle lande» så er det ingen tvil om at det gamle og kjære framleis inspirerer musikarar.
– For oss som jazzmusikarar er denne songboka ei skattekiste med melodiar som er veldig inspirerande å jobbe med. Me bestemte oss tidleg for at me ville prøve å lage ei plate med ei lys stemning, så mange av songane er valde fordi dei er rytmiske og friske.
På denne plata har me også brukt ein del elektroniske effektar på dei akustiske instrumenta for å fargelegge lyden, og også lagt fleire spor oppå kvarandre. På den måten kan me skape store og fyldige lydbilete. Denne gongen brukte me god tid på å øve og finne ut korleis låtane skulle bli, før me gjekk i studio. Me hadde berre to dagar hos Propeller Music Divison, men med godt forarbeid gjekk det greitt. Nå er me sjølvsagt spent på om me har treft nokre nerve hos lytterane også, seier Eriksen.

Kulturarv
I tillegg til at dette er norsk kulturarv frå 1800-1900-talet så er det også rom for både svenske og danske songar.
– Me er nok av dei som var den siste generasjonen av skulelevar som hadde desse songane som ein del av kvardagen. Denne songskatten styrka kjensla av fellesskap og identitet, og eg hugsar det var stas å ha musikk med desse songane på timeplanen. I dag har nok popen tatt over mykje av dette tilbodet i skulen. Om me, med våre versjonar av desse songane, kan vise at denne kulturarven framleis er relevant, har me oppnådd mykje.
Duoen har allereie fått prøvd ut songane på publikum, sjølv om ein del konsertar er blitt avlyst. Både i heimlandet og i Spania har mellom anna «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» blitt tatt godt imot.
– Me har fått veldig fine tilbakemeldingar frå publikum på konsertane på at musikken vår vekte gode minner. 23. mars kjem me til Tysværtunet og speler konsert med utgangspunkt i denne plata. Håper me treff på mange kjende der, og får tilbakemeldingar om kva dei meiner om plata vår.
– Kor lenge har du spelt saman med Gunnar Halle, i tillegg til prosjektet med trioen din?
– Tida flyg når ein har det kjekt. Me starta allereie i 2007 og har spelt hundrevis av konsertar rundt om i Europa saman. I kveld speler me i Tysværtunet, og det ser me fram til, seier Espen Eriksen.