Skjermbilde 2022-01-25 kl. 09.44.08

Songboka

Det er noko med songar du har hatt med deg heile livet. Og det er stas når dei bli vekt til liv igjen.

Espen Eriksen og Gunnar Halle har spelt saman lenge. Dei kjenner kvarandre godt og dei likar å utfordre kvarandre musikalsk. Det er ikkje alltid like lett i eit duoformat med piano og trompet, men dei klarer det likevel. Ikkje prangande og voldsomt, men meir elegant og balansert.
Ideen med å lage jazzperler av Mads Berg si songbok er god. Det er songar mange av oss både kan, og har eit kjennskap til gjennom eit langt liv. For den yngre garde er dette kanskje ein port inn i ein musikk som stadig held mål. Og det er eit godt utgangspunkt når Eriksen og Halle skal begynne å trylle med lag på lag med pianotonar, trompet og litt elektronika. Ein klarer å halde tråden i songane også om ein ikkje er like musikalsk og leiken, som desse to karane.

Det begynner herleg og smakfullt med «Mellom bakkar og berg». Og på denne plata er starten viktig. Skal ein lokke med seg lyttarane inn i duoen sitt univers må opninga sitte. Og det gjer den. Lett slentrande og musikalsk fridom gjer at ein straks vil vidare. Og slik går det song etter song. Litt att og fram kan ein få kjensle av, men som sagt i dette formatet må det nødvendigvis bli litt slik at ein gjentar seg.
«Jeg er havren» blir ein naturleg favoritt. Denne songen er for mange grunnmuren av dei songane me på ein eller annan måte fekk inn i det musikalske nervesystemet, den gong då, på skulen. Dei har valt å gjere den litt mystisk i starten med Eriksen aleine på piano, før Halle tar oss trygt med tilbake til hine harde dagar. Vellyd er eit stikkord i denne songen også.
I tillegg er det fint at her er det rom for fleire favorittar. Lista over songane er som ei hitliste frå skulen gjennom fleire tiår.
Det beste med plata er at den er gjennomført på eit høgt nivå. Det er ingen enkle løysningar. Det er jazz, og det er kanskje meiningar om det, men dette er så behageleg, oppmuntrande og avslappande at du bør gi det ein sjanse. Åtte songar er akkurat passe langt nok.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Sangboka
Espen Eriksen, piano
Gunnar Halle trompet
Ny CD – digitalt
Åtte songar frå Mads Berg si songbok
Opptak og miks av Mike Hartung i Propella Music division, Oslo
Mastring gjort av Morgan Nicolaysen
Januar 2022