FOTO: Ruslan Olinchuk | OlinchukR@gmai

Listepasientar på Nedstrand får lege på Frakkagjerd frå 1. mars

Tysvær kommune har inngått avtale med Frakkagjerd legesenter om å vere vikarlegar for innbyggjarar som i dag har Liv-Marie Eike som fastlege.

Det opplyser kommunen på sine nettsider.

– Kommunen har etter fleire utlysingar ikkje lukkast med å rekruttere ny fastlege til Nedstrand legekontor, skriv dei.

Dette får derfor konsekvenser for dei som er listepasientar hos Liv-Marie Eike. Tysvær kommune har inngått avtale med Frakkagjerd legesenter om å vere vikarlege i perioden 1. mars 2022 til 31. agusut 2022, med moglegheit for forlenging.

Har du i dag Liv-Marie Eike som fastlege og treng time etter 1. mars, kan ein ta kontakt med Frakkagjerd legesenter, opplyser kommunen. Dei opplyser vidare at ein kan få stønad til pasientreiser til og frå fastlegen, noko ein kan finne fleire opplysingar om på Helsenorge sine nettsider.

Tysvær kommune skal jobbe vidare for å sjå på meir permanente løysingar innan legetenesta i kommunen.

I januar skreiv Tysvær Bygdeblad om at Nedstrand bygdeutval var uroa for legetilbudet i bygda.