Dag Frode Tønnesen er dagleg leiar i Redesign As som har base på Frakkagjerd. Dei ser mulegheiter der andre kanskje berre ser gamle hus.
Dag Frode Tønnesen er dagleg leiar i Redesign As som har base på Frakkagjerd. Dei ser mulegheiter der andre kanskje berre ser gamle hus. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg

Draumetomt – men det står eit hus der

Jakta på draumetomta kan vere lang og kronglete. Spesielt om strøket du vil bu i ikkje har fleire ledige tomter, og det som er draumetomta har ei lita utfordring. Det står nemleg eit gamalt hus der.

– Eg er sikker på at akkurat dette er det mange som har kjent på. Kanskje er det i nabolaget av der dei har vakse opp. Mange av dei flottaste tomtene på Haugalandet blei bygd ut på -70 og -80-talet då tomtene var store, hadde utsikt, og ein ikkje tenkte, eller trudde, det ville bu over 100.000 her. Difor har me nå snudd, og ser heller etter hus som kan totalrenoverast og få eit nytt liv inne i etablerte felt. Interessa så langt viser at dette var det ein marknad for. Og  når ein ser kva arkitekten vår klarer å trylle fram med utgangspunkt i eit 40-50 år gamalt standarbygg, ja då er det mykje gull som ligg plassert på utsiktstomter og andre stader folk er på jakt, seier Dag Frode Tønnesen.

Nytt hus på 1-2-3. Det tek nok litt lengre tid for at ein skal ende opp med huset til høgre til 8,5 millionar som nå ligg ute for sal. Tomta er perfekt, huset er oppdatert til 2022 standard og då er det berre å vente spent på dei rette kjøperane.
FOTO: Privat

Nytt selskap

Tønnesen er dagleg leiar i Redesign AS som held til i LØÅ kontorfellesskap på Frakkagjerd. Eigarane av selskapet er byggmeistrane Øyvind Sjo, Einar Hesthammar og Dan Madsen.

Maria Myge Kolnes er også med på laget, og arkitekten og husteiknaren er på veg inn i lokala på Frakkagjerd.

– Me har alle jobba lenge saman, i alle fall kjent kvarandre lenge, og merkar at me har dei same tankane for bustadutviklinga på Haugalandet. Statistikken viser at det i Norge er over 250.000 husbankhus, mange med svært god tomt. Oppgradering av fasade gir store fordeler for både seljar og kjøpar.

– Det høyrest i utgangspunktet «litt» dyrt ut?

– Det er mange måtar å få dette til å bli eit godt reknestykke både for oss og for kjøperane. Det er fordelen med at me kjenner marknaden godt og har mykje erfaring både frå nybygg, restaurering og vegleiing for kjøperar. Ein slik modernisering vil auke bustadverdien, ein kan søkje om inntil 150.000 i Enova-støtte, det er energieffektivt, noko som gir lågare straumutgifter og me veit at mange vil gjere litt sjølv. Legg ein saman alle desse fakta og set dei opp mot draumetomta, eller eit område der ein absolutt vil bu, ja, då både trur og veit me at dette er det mange som vil vurdere, seier Tønnesen.

Haugesund

Eit kvartes kjøretur frå Aksdal ligg Røvergata i Haugesund. Eit klassisk område utbygd på fjellpuklane som strekker seg frå Karmøy-grensa på Norheim og til nordre bydel. Namn som Jamnhaug, Svehaug, Porshaug og Vardafjellet er alle kjent for dei som er på jakt etter ein klassisk bustad. Her stod det eit litt slitt hus, men på ei tomt der ein kan skimte Hydro-anlegget i sør og heilt sikkert solnedgangen i vest.

– Dette er eit klassisk eksempel. Hadde dette feltet blitt bygd ut i dag hadde dette vore ei svært dyr tomt. Me kjøpte huset og gjorde ei vurdering på kva ein ny eigar ville ha gjort. Me gjekk for å fornye huset utvendig og då snakkar me om å oppgradere alt. Vegger, tak og også ein del støyping og justeringar inne, slik at dei som kjem skal sjå alle mulegheiter. Me har oppgradert det elektriske og vatn og avløp. Det betyr på mange måtar at ein kjøper eit «nytt» hus, seier Tønnesen. 

Kunsten er i følge tysværbuen å ha folk som ser mulegheiter der andre ser gamalt og slitt.

– Dette med å «pimpe» hus er noko mange har sett på fjernsyn og som ser skikkeleg stileg ut. Når me går laus på prosjektet er det sjølvsagt svært viktig korleis det ser ut, men me skal også restaurere bygget slik at kvaliteten på det ein kjøper er på topp. Nyttar ikkje om fasaden skin som gull om det rotnar bak. Difor gjer me også eit skikkeleg grunnarbeid slik at kjøpar skal vere trygg på at her er det berre å flytte inn.

– I dette huset er det gjort «lite» inne?

– Godt det står lite i klammer, for det er faktisk gjort svært mykje av det som ikkje viser. Me har flytta på vegger, støypt og justert opp slik at standarden er heilt på høgde med eit nytt hus. Grunnen til at me ikkje har gjort meir er at me opplever at svært mange har eigne tankar om innreiing og design. Her er alle mulegheiter, smiler Tønnesen lurt.

Han viser oss ut på terrassen og me ser utover Karmsundet og Karmøy.

– Det blir alltid ei vurdering om kor mykje ein kan legge i eit prosjekt som dette. Nå kjem dette ut for 8,5 millionar kroner, og då skal me tilfredstille ei kjøpargruppe som har høge krav til kvalitet. Dei er også ofte meir interessert i rådgiving om kva mulegheiter som finnest, og der har me dyktige folk som kan bistå. Etter kvart som me stadig får fleire ferdige prosjekt har me også noko å vise fram, seier Tønnesen.