Harry Aass er prosjektleiar for døraksjonen til Blindeforbundet. Dei kjem og bankar på dørar i Tysvær neste veke.
Harry Aass er prosjektleiar for døraksjonen til Blindeforbundet. Dei kjem og bankar på dørar i Tysvær neste veke. FOTO: Blindeforbundet

Blindeforbundet:

Kjem på døra for å informere om hjelp til synsutfordringar

Etter to år med koronapademi skvett ein kanskje meir til av dørklokka enn ein gjorde før. Neste veke kan det hende du får uventa besøk, av Norges Blindeforbund som vil slå av ein prat.

Frå 21. – 25. mars gjennomfører Blindeforbundet ein dør-aksjon i Karmøy, Tysvær og Vindafjord. Et team på seks fulltidstilsette personar skal banke på hos flest mogleg innbyggjarar. Dei skal informere om korleis Blindeforbundet kan hjelpe folk med synsutfordringar. Alle deira medarbeidarar har ID-kort med foto rundt halsen.

Det finst ikkje eksakte tal på kor mange i Norge som har eit synsproblem, men ifølge ein rapport som blei utarbeida av Menon Economics i 2019, blir det anslått at meir enn 320 000 persoar som levde med ei synshemming i Norge i 2018. Dette tilsvarer omlag 6 prosent av befolkninga. Ifølgje tal frå SSB er det 482 645 innbyggarar i Rogaland.

– Ut i frå dette kan me anslå at omlag 29 000 rogalendingar har eit synsproblem. Det betyr ikkje at ein nødvendigvis er heilt blind, men at briller og linser ikkje betrar synet tilstrekkeleg bra, seier Sigrun Arnardottir Storaker, daglig leiar ved fylkeskontoret i Rogaland.

Det kan vere mange grunnar til at synet blir svekka, og mange er ikkje klar over at det er hjelp å få. Blindeforbundet meiner at det nettopp derfor er viktig at folk veit om at Blindeforbundet kan komme inn og bidra tidleg, slik at ein raskt kan komme seg ut av fortviling og isolasjon, og få hjelp til vegen vidare.

Blindeforbundet gir tilbod om heimebesøk av ein likeperson som kan hjelpe til med å kartlegge behov og gi informasjon om tilbod og tenester, mellom anna rehablitering, hjelpemidlar, kurs og likande.

– Mange set stor pris på å få kontakt med andre synshemma og delta på lokale aktivitetar. Og mange har god nytte av våre tilbod om rehablitering, kurs og aktivitetar på våre tre syn- og mestringssenter, seier Storaker.

Blindeforbundet påpeiker at korona har budd på ekstra utfordringar for svaksynte og blinde. Det er til dømes vanskeleg å halde meteren og finne handspritdispenseren på butikken, og da blir fort kvardagen utfordrande. Mange har også mista offentlege tenester, som til dømes støttekontak, og mange har opplevd ekstra isolasjon fordi sosiale møtestader har vore nedstengd.
Kva gjeld dør-aksjonen forsikrar Blindeforbundet at dei har sikre godt smittevern og følgjer myndigheitene sine anbefalingar til ei kvar tid.

– Me held god avstand, går ikkje inn til folk og held oss heime om me er sjuke, seier Harry Aas, leiar for dør-aksjonen. Han legg til at det sjølvsagt er heilt frivillig å snakke med Blindeforbundet.