Sander Hettervik og Skjold møter Etne i finalen i Vintercupen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Sander Hettervik har scoret for Skjold 2 i dag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold inviterer til finalehelg – a-laget møter Etne i finale

Laurdag skal Skjold spele finale i Vintercupen. Heile helga blir det cupkampar i Grinde.

– Cup er cup og når ein er i finalen så er det soleklart eit mål å raske med seg pokalen. Me er vel så vidt eg hugsar tittelforsvarar, seier kaptein Sander Hettervik.
Nå håper Sander og Skjold på at folk er klare for litt live fotball i Grinde etter to merkelege og vanskelege sesongar. Motstandar i finalen blir Etne som vann på straffar over Djerv 1919 2, onsdag.
– Det har vore vanskeleg å planlegge, men nå begynner det å bli meir normalt igjen. Me er dessverre ikkje så mange, men har heldigvis fått inn eit par nye spelarar denne vinteren. Sist innkomne er Simon Mala Kuijs, som kjem frå Etne, men spelte for Vard 2 i fjor.
– Det blei slitesiger over Torvastad i semifinalen, måndag. Fortell.
– Dei tok leiinga på straffa dei fekk før kampstart og me sleit med det meste, inkludert vêret i 1. omgang. Heldigvis var me betre trent og tok over meir og meir utover. To flotte mål sørga først for at me fekk revansje for 2-3-tapet i innleiande rundar, men også for at me klarte å avgjere kampen og komme oss til finalen. Og det er viktig med finale i vintercupen på heimebane, utan Skjold blir litt stusseleg, seier Hettervik.

Viktig
Hettervik trur det blir ein jamn finale mot Etne.
– Det har vist seg at dei laga som blei med i cupen har matcha kvarandre godt. Det har vore jamne kampar, og dermed har ein kunne bruke alle kampane som ei god trening, samstundes som ein blir litt ekstra gira når det er cup. Eg synst me har fått mykje ut av kampane, sjølv om me har slite med å stille same laget to kampar på rad.
– Nokon peiling på korleis Skjold står før sesongstart i 4. divisjon?
– Vanskeleg å seie så mykje om. Torvastad er nok blant dei betre i 5. divisjon og har fleire svært gode enkeltspelarar. Hadde ikkje dei hatt straffa på grunn av divisjonsskilnaden hadde me nok tatt dei i to av to. Eg synst me løyste kampen mot Nord godt, men i årets serie vil det vere stor skilnad på laga. Det må ein berre vere klar for. Det vil også svinge internt frå veke til veke. Etter desse to sesongane er det meir spørsmål enn svar der ute. Men me skal som vanleg gjere så godt me kan. Kanskje får me ein fin boost på laurdag. Det er i alle fall planen, seier Sander Hettervik.

SISTE FR ARRANGØREN:
Søndag blir det to Tysvær-lag i finale. Kl. 11 er det J15 Halsnøy vs Stegaberg og kl. 13 er det G16 samarbeidslaget Stegaberg_Skjold vs Trott. Guttene slo Sauda 4-1 på bortebane onsdag kveld, mens jentene vant på wo da Kopervik ikke kunne stille lag.