Rune Bjerga er populær også på vår side av Boknafjorden. Neste veke kjem han til Tysværtunet med nye vitsar og skråblikk på det meste.
Rune Bjerga er populær også på vår side av Boknafjorden. Neste veke kjem han til Tysværtunet med nye vitsar og skråblikk på det meste.

I kveld er Rune Bjerga på plass i storsalen: – Nå skal me rett og slett ha det litt kjekt igjen

Rune Bjerga er ein populær komikar også i Tysvær. Nå gleder han seg skikkeleg til å komme tilbake til Tysværtunet.

– Eg kjenner at det bobler av glede berre ved å tenkje på å komme tilbake til Tysvær. Som oftast køyrer eg berre rett forbi til eit lukka arrangement i Haugesund eller til familien i Sandeid. Men nå skal me rett og slett ha det kjekt igjen i Tysværtunet. Nå skal me legge bak oss pandemien for godt og berre kose oss. Så folkens, gløym alt det triste og bli med og le, seier Rune Bjerga.
Han er som vanleg i strålande humør når me får tak i han på telefonen. Dei to siste åra har vore vanskelege også for Bjerga og alle komikarar som er vant til å underhalde folk og få dei til å smile og le.
– Eg kjenner at eg er så gira at berre det å bli intervjua om arrangementet neste helg gjer meg glad. Då skal eg hente fram mange av dei populære figurane mine og lage til skikkeleg med ablegøyer på scenen. Eg må ha med meg publikum, og eg husker godt frå sist gong at det ikkje er problem i Tysvær. Der er dei flinke til å både le med og av oss på scenen, seier Rune Bjerga.
Og berre for å ikkje skape usikkerheit. «Oss», i Rune Bjerga si verd er kun Rune Bjerga.

Respekt

Når Bjerga på ny legg ut på vegen med eit tettpakka show, så er det i stor respekt for publikum.
– Det handlar om å gi 100 prosent kvar einaste kveld. Om det er 20 eller 2000 i salen spelar ingen rolle. I pandemien var det slik. Fekk dei lov til å sleppe inn 50, ja, då skulle dei 50 få eit show som var maks. Ein er nøydt til å ta publikum på alvor. Å drive med stand-up handlar mykje om å lese publikum, få dei med, få dei til å le og ikkje minst få dei til å kjenne seg hjarteleg velkomne. Klarer eg det, ja, då går det av seg sjølv, og me har det kjekt saman.
– Det skjer stadig nye alvorlege ting i verda. Ikkje lett dette?
– Nei, og det er noko dritt med krig. Men då treng me kanskje eit pusterom der me kan le og gløyme det som skjer rundt oss. Alvoret kjem til oss uansett kor me er, så kanskje me er ekstra desperate etter noko lett og ledig om dagen. Det blir ikkje spøkt om krigen, det kan eg love. Eg har stor respekt for det arbeidet som nå blir gjort rundt om. Trur ikkje det trengs at me ler av dei som står på, seier ein alvorleg Rune Bjerga.

Seg sjølv
Nå er ikkje Bjerga den som bruker å ha med for mange verdsproblem i sine vitsar.
– Men kven får svi når du må vere heilt politisk korrekt?
– Det blir meg sjølv det som vanleg. Og dei rundt meg sjølvsagt. Eg elskar jo å snakke om meg sjølv, og der er det mykje å hente. Dette showet har mykje nytt i seg, men eg hentar gjerne fram ei og anna historie frå tidlegare også, om det skulle vere interessant. Eg reknar med så god dialog med dei som er i salen at det styrer me fint. Ein annan ting eg må få skryte av er storsalen i kulturhuset. Det å få kjenne på ein så stor sal, men likevel vere tett på publikum er unikt. Så eg håper at alle dei som har kjøpt billettar har kjøpt heilt framme, slik at eg ser dokker.
– Du har hatt storsuksess med daglege innslag på nett dei siste månadane. Blir det multimediashow denne gangen?
– Hahahaha….. Nei, vett du kva? Eg tar med meg ein mikrofon og det får halde. Kjem det nokre multimedialydar så er ikkje det tilsikta. Nei, dette er rein og skjer galskap servert på tradisjonell stand-up måte. Med kvasse skråblikk på det som skjer, godt blanda med heilt ufarlege vitsar om alt og ingenting.
– Det er eit par som ikkje har kjøpt billett ennå. Kva vil du seie til dei?
– Hæ, har ikkje alle kjøpt?? Det er galskap. Kom igjen folkens, nå trenger me alle desperat noko kjekt å le av. Og kva er betre enn å gjere det i Storsalen saman med hundrevis av andre. Eg kjem garantert og eg håper eg treff mange av dei eg kjenne på den andre sida av fjorden. Me trenger verkeleg noko å le av om dagen, avsluttar Rune Bjerga.