Graham Smith,  Frode Stautland og Gunnar Hustvedt er Grahams Gang. Med seg til lunsjkonserten har dei også trommeslagar Jostein Hustveit.
Graham Smith, Frode Stautland og Gunnar Hustvedt er Grahams Gang. Med seg til lunsjkonserten har dei også trommeslagar Jostein Hustveit.

I dag er det lunsjkonsert igjen: Møttest på nett – nå ventar Tysværtunet der dei slepp ein ny singel

Dei aller fleste som har ein gitar på Haugalandet har høyrt om Graham Smith. I dag 13. mai tar han gjengen sin med seg til lunsjkonsert. Den blir anbefalt på det varmaste. Husk å ta ut gratisbilletten før konsertstart.

Av og til blir me lokka til å ta ein telefon litt utover Tysvær i jakta på band til lunsjkonsertane. Då me leste historia om Graham Smith og bandet, som i all hovudsak er Gunnar Hustvedt, bass og Frode Stautland på vokal måtte me berre ta kontakt.
– Å komme til Tysværtunet og spele i storsalen er stort for oss. Me har ikkje så mange konsertar bak oss, for dette starta så vanskeleg og innvikla som muleg. Eg sat i Danmark og høyrte nokre melodiar Graham la ut på Facebook. Med ein gong hadde eg tekstar i hovudet som passa til dei. Så sendte eg det i retur. Graham og Gunnar likte det dei høyrte og spelte inn kompet som eg fekk i retur og la song på. Til slutt hadde me to singlar innspelt og gitt ut, utan å ha møtt kvarandre, seier Frode Stautland.

her kan du høyre den nye låta: https://open.spotify.com/track/7D45udZRFBVCCMVDQd0rFA?si=YBGF8ij-TlmPjW6wImz2GA&utm_source=copy-link&fbclid=IwAR1rtOtUI2sFLO1tnPBqa7RLmt9cfhC6R7FIK_k8J2IDa8tmLSiUseommsE&nd=1

Folk music
Trioen har også med seg kjente Jostein Hustveit til lunsjkonsert neste fredag. Kvartetten skal då blant anna spele dei fem singlane dei har gitt ut så langt, og som har vore ein suksess.
– Den femte singelen slepp me eksklusivt på lunsjkonserten, så det ser me ekstra fram til. Låta «Sunshine After Rain» er ein optimistisk song om at nå må det bli betre tider. Dei fire første songane har fått svært god omtale og har hamna på topp 40 lista til radio 102. At me nå får spelt det live for publikum i Tysvær er stas.
– Korleis begynte eventyret, bortsett frå at du fant songane til Graham på nett?
– Graham har alltid vore rundt og spelt, men då koronakrise 1 kom var det bråstopp. Då blei han sittande og lage desse melodiane som er i landskapet folkpop – folkcountry om det er noko som heiter det. Og det fine med Graham er at han har eit fantastisk nettverk, så når me har spurt om Bjørn Berge eller Torbjørn og Nils Økland kan bidra, ja så er det ja med ein gong.
– Kva er det med oss Vestlendingar og folkrock?
– Nei, sei det. Me har vel ein dragning mot Irland og nord-England som gjer at me kjenner oss att i den musikken. Mange andre lokale band er i same gate, og det er alltid god stemning når ein drar fram desse songane. Me har også prøvd å dra inn litt countrymusikk i dette som me er godt fornøgd med, seier Stautland.

Spotify
Trioen har som nemnt allereie vore inne på listene til Egil Houeland på 102.
– Det var skikkeleg stas og me har lagt ut singlane våre på Spotify. Kan hende endar me opp med ein EP, men det får tida vise. Me er vel eit typisk singel-band som gir ut ein og ein song.
– Korleis var det å hamne på hitlistene?
– Det var utruleg stas. Me var heilt oppe på ein 6. plass og det er litt overveldande. Men det betyr at det er mange som likar vår type musikk, og me håper sjølvsagt at mange av dei blir og sjå i Tysværtunet. Me ser og høyrer at det er mange som helst vil ha livemusikk med ekte instrument og det passar oss godt. Så musikkstilen er heilt stoverein også i 2022, seier Frode Stautland.

Første av tre
Grahams Gang er det første av tre band som avsluttar vårsesjonen med lunsjkonsertar. 3. juni kjem Bokn & Havresekkane før Lasse Staurland med band rundar av 10. juni.
Som vanleg må me minne om at ein må ta ut gratisbillettar på nett eller i biblioteket før konsertstart. Lunsjkonsertane startar alltid 11.30, og varer omlag ein halvtime, og er eit samarbeid mellom Tysværtunet og Tysvær Bygdeblad.
– Ein halvtime skal det bli. Me har eit par songar som me ikkje har gitt ut på lur. Me gleder oss til å spele og til å treffe det flotte publikummet i storsalen som me til nå berre har lest om. Dette blir kjekt, avsluttar Frode Stautland i Grahams Gang.