Torbjørg «Totti» Topnes
Torbjørg «Totti» Topnes

Livsmeistring

Torbjørg «Totti» Topnes – Styrar Nedstrand barnehage

Å meistra livet
Å finna tryggheten i seg sjølv saman med andre
Å få det til når ein er eitt år, to år, tre, fire og fem år. Det er ikkje alltid så lett.
Det er ikkje alltid så lett når ein vert vaksen heller..
Skal ein mestra livet og dei utfordringane det gir, må ein oppleva det trygt rundt seg. Trygge og forutsigbare rammer er viktig for barna i ein barnehage. Å ha trygge vaksne rundt seg, som utstrålar varme og forutsigbarhet, og som veit korleis gode relasjonar vert til, er noko av det aller viktigaste for eit barn.
Barna har som oftast dette i heimane sine. Barnehagen lagar ei bru frå heimen og ut til livet, som er viktig for at barnet skal bli ein del av eit fellesskap. For å få dette til på ein god måte, er samarbeidet med barnets heim nyttig for å bli kjent med barnet og dei føresetnadane barnet har.
Å vera liten saman med andre barn, saman med trygge voksne som kjenner dei godt og som kan veileda dei i haldningar og verdiar er grunnleggande for å meistra kvardagen og meistra livet nå, og livet framover.

Me kjenner alle på kor viktig det er å vera ein del av eit felleskap. Å meistra å vera i det fellesskapet over lang tid, er for nokon vanskelig, og for nokon lettare. Barnehagen er ei god støtte for barna som treng å øva seg i dette. Den viktigaste staden for å øva seg er i leiken saman med andre. Leiken bidrar til å forma oss og gjera oss til den me er: Å gi og å ta, å forstå, og å sjå, og å samarbeida og å stå aleine. Når er det lurt å gi seg, slik at andre kan sleppa til; når er det lurt å ikkje gi seg fordi ein treng å setja grenser for seg sjølv …
Livsmeistring er eitt av dei store fokusområda i Rammeplanen for barnehagen.
Rammeplanen seier at «Barnehagen skal vera ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, felleskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler» Det er jo nettopp dette ein som vaksen kan kjenna på at er vanskelig å stå i, når livet buttar mot.

Det å bli kjent med seg sjølv er ein viktig del av å meistra livet. Og det er ofte i utfordrande situasjonar ein kjenner korleis ein reagerer og korleis ein handlar, og forhåpentligvis erfarer kva som er lurt å gjera neste gong ein møter motgang.

I barnehagekvardagen jobbar pedagogar og pedagogiske medarbeidarar med å legga grunnlaget for å gi barnet ei positiv sjølvkjensle. Å bevare denne kjensla oppover i alder, er grunnleggande for vidare læring. Me som er nær barnet har ei viktig oppgåve – både som foreldre, i barnehagen og vidare i skulen, men også som nabo og venn. Det å bli sett og respektert av andre er elementært for å bli eit menneske som meistrar livet i dets medgang og motgang.

Bente Bratlund skildrar dette så godt:
Djupast i oss er vel dette:
Å bli sett
Å bli henta fram og gjort synlige
Å bli tatt imot
I kvarandre sine blikk kan vi veksa eller krympa
I kvarandre sin aksept veks vi til det beste i oss
Våre møte er ikkje likegyldige
Greitt å hugsa det.