Øyvind Bokn har gitt namnet til BOKN, men har med seg heile kvartetten til lunsjkonsert neste fredag.
Foto: Privat
Øyvind Bokn har gitt namnet til BOKN, men har med seg heile kvartetten til lunsjkonsert neste fredag. Foto: Privat

Berre timar igjen til ny lunsjkonsert: Gløym Havresekkane, nå er det BOKN som gjeld og gratisbillettane flyr ut

Klokka 11.30 har du sjansen til å sjå eit av Tysvær sine mest populære band live igjen. BOKN kjem til gratis lunsjkonsert. Men det minkar på gratisbillettane så vær snar med å bestille, eller hente din.

– Me har gjort det litt lettare for folk å hugse namnet vårt, og ikkje minst lettare for oss sjølv. Me tok vekk Havresekkane og står nå på scena klare med nye låtar og same gode showet som sist. Lunsjkonsertane er stort for oss og me skal gi alt, lovar trioen Yngve Askeland, Øyvind Bokn og Dan Jørgen Eide. Gitarist Erling Halsne sto over pressetreffet og var heime og øvde, skal ein tru den muntre gjengen som var innom på besøk.
Og dei har god grunn til å vere i godt humør. Endeleg er dei tilbake, som sagt med både nye låtar, nytt namn og ikkje minst med planar om fleire spelejobbar framover.

Ny singel
– Som takk for at me får komme og spele i Tysværtunet slepp me ein heilt ny singel på fredag. Den heiter «Ingen skade» og det å skape ny musikk er så kjekt. Dan Jørgen skriv ei rekke med tekstar og legg ved eit gitarkomp med tre grep, som me forkastar med ein gong, ler Øyvind Bokn.
– Eg synst det er skikkeleg bra, eg, parerer Eide før han fortel om ei stor bunke uferdige låtar som ligg og ventar.
– Det blir ein god del materiale etter kvart. Eg skriv tekstar og har ein idé om korleis det skal låte. Det blir ikkje alltid slik, men det er ein kjekk prosess der heile bandet er med. Om me klarer å samle saman nok til ei plate får me sjå på, men det hadde vore kjekt, seier Eide.

Show
Tidlegare har Bokn & Havresekkane trekt svært mange til lunsjkonsert. Stemninga har vore svært god og dei har mange fans. Nå håper dei at folk kjem tilbake etter eit par år med litt stille frå bandet.
– Me er superklare og lover at dei som kjem skal få oppleve eit band med mykje energi og speleglede. Den nye musikken vår er litt meir over i country-sjangeren, og det er det mange som set pris på. Sist me spelte var heilt elektrisk folk var verkeleg med, så dette ser me fram til, seier bandet som har lagt inn ein ekstra treningsleir før konserten.
Gitarist Erling Halsne speler ei viktig rolle i bandet.
– Han er «pirken» som vil at det skal vere prefekt. Men han er også flink til å få oss andre med. Med dei siste låtane har me også utvikla oss meir som band, og det er viktig. Me må ha ein bredde i det me serverer, både i digitale spor, men aller mest på scenen. Me håper sjølvsagt at me etter kvart også får oss fleire oppdrag. Me er meir enn klare, så det er berre å slå på tråden, smiler gjengen muntert.
– Kva tenker BOKN om Tysvær-artistar om dagen?
– Utruleg kjekt å sjå og høyre kor mange som held på og speler inn musikk. Det motiverer oss alle, og me trur at dette berre er starten. Nå er det blitt lettare å spele inn musikk, noko som betyr at langt fleire får gitt ut det dei jobbar med. At ein i tillegg har ein scene som Lunsjkonserten å få spele på, gjer dette ekstra staseleg, skryt dei.

Intern humor
Dei tre som har komme til oss er i strålande humør og det er sjølvsagt bra at det manglar ein. For då har du sjølvsagt ein å snakke om.
– Erling er heilt fantastisk så då må me sørge for å halde han litt på bakken. Han stiller høge krav til oss. Men det er vel ein slik pådrivar som gjer at me utviklar oss.
– Så om me lurer på kva BOKN treng av utstyr, og kva songar som skal spelast svarer de?
– Spør Erling….. Nei, så gale er det ikkje, og me er glad i han, gitarspelet er heilt fantastisk. Me trur den fine miksen me har i bandet med Dan Jørgen som syng og skriv tekstar, Erling på gitar, Øyvind på trommer og Yngve på bass er ei perfekt samansetning akkurat nå. Me har mykje å spele på, og for.
– Verker som det er god stemning før konserten. Ingen nervar?
– Me kjenner sjølvsagt litt på det, men mest av alt gleder me oss. Til å få spele live, presentere nye låtar og spele eit par av favorittane våre. Alltid god stemning rundt BOKN og dette håper me sjølvsagt at mange vil ha med seg. Å få spele i storsalen, med skikkeleg lyd og lys, det kan ikkje bli så mykje betre enn det. Nå må me plukke ut det beste me har og sette det saman til 30 herlege minuttar med BOKN på det beste. Kom igjen folkens, så får me oss ein skikkeleg fest midt på dagen, smiler gjengen, meir enn klare for sin 3. lunsjkonsert.

Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Det er heilt gratis, men ein må framleis bestille billettar på nett eller hente ut i skranken på biblioteket.