10. juni kjem Lasse Staurland til lunsjkonserten i Tysværtunet. Der speler han både ny og meir kjent musikk. Akkurat nå er han ute med «Bruene eg brant».
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lasse Staurland er ute med nye musikk. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

NY LUNSJKONSERT ALLEREIE FREDAG: Nytt band, nye songar, men gode gamle Staurland

Lasse Staurland har det med å lage fengande låtar. Det siste året har vore produktivt og neste fredag slepp han laus under vårsesjonens siste lunsjkonsert. Den bør du få med deg.

Det har gått litt i rykk og napp, alltid med tekstmakker Ole Ben Pedersen ved si side. Saman med bandet 515 eller som soloartist. Nå er han soloartist, men med ein spennande ny gjeng bak instrumenta på scena.
– Eg har fått ja frå Lars J. Liknes, Egil Lindanger, Gisle Molland, Lars Røthe og Sissel Eikeskog til lunsjkonserten i Tysværtunet. Me har hatt eit par øvingar saman, og for å seie det sjølv, det høyrest bra ut. Det er slik eg vil at mine songar skal høyrast ut akkurat nå, seier Lasse Staurland.

Billettar her: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-lasse-staurland-med-band-t1d5tg/

Ny song
I januar gav han ut singelen «Høgere enn himmelen». Nå er det «Bruene eg brant» som skal inn på spelelistene rundt om, og det fortener songen som er spelt inn i ABC-studio i Etne.
– Eg gav ut ein singel i 2020, to i fjor, og dette er den andre i år. Nærmar seg eit album bit for bit dette. Så får me sjå kor det endar. Må i alle fall få lov til å skryte over ABC-studio og Kjetil Ulland. Å bli tatt imot på den gode og proffe måten betyr mykje for oss som er amatørar. Dyktige musikarar har han også som tryllar dei timane me er i studio, seier Staurland.
– Korleis var det å «tromme» saman eit nytt band?
– Eg snakka med Lars Johannes, og saman sette me saman denne gjengen. Me møttest, tok ein kopp kaffi og diskuterte litt song for song. Så starta me å øve og fann tonen for å seie det slik. Mellom anna skal eg synge duett med Sissel Eikeskog på «Om englane grein». Eg likar svært godt det som Embla har gjort og håper å fram litt av den magien og det tighte lydbilete dei har. Og det trur eg me skal få til, seier Staurland.

– Kjekt

Lasse Staurland har spelt til lunsj før, men aldri i storsalen. Det ser han fram til.
– Skikkeleg lyd, flott lyssetting og berre kjekke folk i salen. Det er vel ein slags draum som me er så heldige å få oppleve gjennom dette flotte konseptet. Me hadde aldri fått denne sjansen utan lunsjkonsertane. Så skal me vise at me var verdt å få denne sjansen. Eg skal spele dei fem singlane mine, som nå ligg ute mellom anna på Spotify, i tillegg til to andre favorittar eg før har spelt med 515. Det blir ein kjekk halvtime og det hadde jo vore stas om mange ville ha med seg denne konserten. Det som er ekstra stas med låtvalet er at eg har klart å variere, og dei som kjenner meg vil også merke at eg stadig utviklar meg innan min sjanger som er ei blanding av lettpop og folkrock.
– Du nemnte så vidt ein tanke rundt eit album?
– Ja, det hadde sjølvsagt vore ekstra stas. Men det er fleire ting knytt til det som kostar pengar. Nå har eg valt å gi ut song for song, men me har mykje spennande som ligg så ein sjanse og ein draum er de,t å gi ut ei plate.
Konserten med Lasse Staurland og band er den siste lunsjkonserten før sommarferien og me håper mange støttar opp og gir oss eit kick til å ta fatt på ein ny sesong med konsertar. Hugs at det er heilt gratis, men at du må skaffe deg ein billett enten på nett, eller på biblioteket. Det kan du gjere heilt fram til konserten startar 11.30. Konsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus.