unnamed
FOTO: Ingvild R. Myklebust

Problem med levering av papiravisa

Denne veka oppstod det transportproblem frå trykkeriet til postterminalen i Haugesund, og posten fekk ikkje avisene til sin terminal før distribusjon torsdag. Derfor vil abonnentar i delar av Aksdal, Nedstrand og Skjoldastraumen dessverre ikkje få papiravisa før på måndag, som er neste distribusjonsdag.

– Det er fortvilande for oss når abonnentane ikkje får papiravisa til rett tid. Det er mange ledd frå avisa blir trykt til den hamnar i postkassa. Denne gongen var det hos transportselskapet feilen oppstod. E-avisa vår er alltid tilgjengeleg for avisabonnentar. Her kan du lese vekas avis i sin heilskap. Me beklager så mykje, seier dagleg leiar i Tysvær Bygdeblad, Irene Stuhaug.