– Kven er dette? Foto: Espedal, Stavanger
– Kven er dette? Foto: Espedal, Stavanger

Brigt Rune Vik treng hjelp – kjenner du nokon på bilete?

Me har fått ein e-post fra Brigt Rune Vik der han ber om hjelp til å kjenne igjen personar på eit bilete som har dukket opp. Kan du hjelpe?

– Etter at min onkel døde har dette vakre bilde dukket opp. Det står ikkje noko namn og ingen i familien kjenner til kven dette kan vera. Eg håpe at TB kan hjelpa meg med å finna namnet på personane på bilete ved å ta dette bilete inn i eit nummer av bladet. Min onkel, Harry Kristian Vik, hadde slekt i Tysvær. Hans mor var Åsta Mathilde Nora Dal, Tysvær 1, Dal 26b. Kanskje det kan vera nokon frå denne slekta? Er det nokon av lesarane til TB som kjenner namnet på personane på bilete så vil eg vera taksam for ein tilbakemelding.

Dei som veit noko kan ringja / senda SMS på tlf 907 30 590.

Vennleg helsing
Brigt Rune Vik
Nordvikveien 22
4085 Hundvåg