Om privatisering av veier og annan molbopolitikk

Eg er ein enkel gut frå landet og i mitt stille sinn så trudde eg at kommunen si viktigaste oppgåve var å levere gode tenester til innbyggjarane sine – slik at det blir lettare og meir attraktivt å bu i kommunen. Det skulle ein jammen ikkje tru når ein ser korleis Tysvær kommune arbeider for tida!

Det har nå versert ei sak i det kommunale systemet sidan 2016 – i 6 år – som handlar om at kommunen har lyst til å bli kvitt ein del plagsame mindre veier. Ordføraren og rådmannen har tydelegvis blitt einige på kammerset om at dette er ein god ide og laga ei sak om dette. Vi som vil kjenna dette på lommeboka har protestert med mange og grundige klager, rådmannen overser glatt klagene våre og saka vert sendt til politisk behandling. Igjen og igjen. Kommunestyret har gong på gong sendt saka tilbake og bedt om meir dokumentasjon og betre grunngjeving – og slik har det gått fram og tilbake nå i 6 år. I 6 år!

Sist saka var oppe ber kommunestyret om at administrasjonen skulle gå i dialog med dei dette gjaldt slik at vi kunne få oppklart alle spørsmål og diskusjonar. Det løyste då administrasjonen på den måten at dei laga til eit informasjonsmøte, kunngjorde det midt på sommaren og i ei avgøymd notis på kommunen sine heimesider og håpa vel at ingen skulle sjå det. Til tross for det spreidde ordet seg og kommunestyresalen var full av folk som endeleg såg fram til å få diskutere saka med kommunen.

Men nei da, administrasjonen hadde då laga eit ferdigspikra opplegg der dei skulle gjera greie for vedtekter for veglag – som om saka allereie var avgjort – og sa klart ifrå om at dei var ikkje interessert i å diskutere saka fordi det var politikk! Og dei var ikkje interessert i å ta imot informasjon om enkelte veier – det var tydelegvis for seint.

Og når vi då registrerer at verken ordførar eller rådmann hadde tatt seg bryet med å stilla opp på møtet så får vi ei ganske tydeleg oppfatning av at dei meiner denne saka allereie er avgjort på bakrommet og at det såkalla «dialogmøtet» bare er ein formalitet.

På dette møtet – med nærare 100 frammøtte – kom det tydeleg fram at ingen var fornøgd verken med saka, informasjonen som var gitt eller framgangsmåten. Når fleire etterlyste informasjon om kva krav vi kan stilla om standarden på desse vegane viss dei skal privatiserast, så fekk vi eit arrogant svar frå administrasjonen om at – joda, det finst ein standard for kommunale veier i Tysvær, men ingen av dei kommunale veiene er i nærheten av å fylgja denne. Sprukken asfalt, øydelagde dreneringskummar og manglande grøfter er altså Tysvær sin normale vegstandard. Så i staden for å prøva å gjera jobben sin og få desse veiene til å bli i brukbar stand så vel altså Tysvær kommune å gi vekk veiene til uskuldige grunneigarar som tilfeldigvis bur på feil plass og som så må bruka sparepengane sine på å retta opp manglande kommunalt vedlikehald.

Er det verkeleg slik ein kommune skal opptre?

Og når ein så altså har drive med saksbehandling i 6 år og tydelegvis lagt masse prestisje inn på å få denne saka vedtatt – ja så må vel innsparingane vera i millionklassen då sidan dette er så viktig? Neida….reknestykket viser at innsparingane ligg på mellom 400 og 500.000 kroner i året – det er vel om lag det same som ei halv stilling som saksbehandlar i kommunen kostar.

Kjære vene kommunestyre i Tysvær, eg trur alle som har arbeidd i større organisasjonar veit at det vil ta mindre enn ti minutt å finna ei stilling i administrasjonen som ikkje vil bli sakna. Eller det som på folkemunne gjerne blir kalla «daukjøt». Det må då vera ein langt betre måte å spara inn desse pengane på enn å plaga mange hundre av innbyggjarane i kommunen med unødvendige ekstrautgifter?? Som om vi ikkje har nok av utgifter som stig for tida?

Så prøver ordføraren seg med eit glødande innlegg om at vi må sjå på heilhet og tenka framover på kva Tysvær skal bli i framtida.

Ja da ordførar, la oss gjera det. For oss som har tilknyting til Nedstrand så har vi nyleg mista legekontoret fordi administrasjonen ikkje la to pinnar i kors for å halda på det, den største arbeidsplassen i bygda – Tveit VGS – er blitt «privatisert» og må drivast nærast på dugnad, Nedstrandstunet har mista kokkestillinga si og lever nå med ein konstant trussel om å bli lagt ned, eldreboligane på Stranda med flott utsikt til sjøen og havna er under avvikling fordi det visstnok er betre at dei eldre skal tvingast til Aksdal med utsikt til ei rundkøyring og ein parkeringsplass og nå skal altså småveiene privatiserast slik at dei som gjer eit forsøk på å bu der inne i ødemarken skal få litt ekstra utgifter i tillegg. Det er heilheten sett frå Nedstrand herr ordførar.

Og når ordføraren i tillegg stiller opp i Bygdebladet med ei bekymra mine for å fortelja om at Tysvær kjem til å få så dårleg råd at dei må spara masse pengar, så blir jo dette enda meir uforståeleg. Grunnen til at Tysvær kjem til å få dårleg råd er at ein har brukt alle pengane ein har tent på Kårstø til å investere i masse kostbare prosjekter – stort sett i Aksdal og omegn – og når desse inntektene tar slutt så er det bare vedlikehald og nedbetaling av gjeld som står igjen.

Og viss ein har dårleg råd, kvifor i all verden skal ein då investere i enda meir gigantomani i Aksdal? Burde ein ikkje heller stikke fingeren i jorda og innsjå at å bygga eit såkalla «helsekvartal» er eit luftslott? Når ein ikkje har råd til å vedlikehalda kommunale veier og luka i kommunale bed så skal ein altså bruka 368 millionar kroner til å byggja monument over seg sjølv i Aksdal.

La meg hjelpa ordføraren med eit enkelt reknestykke. Sjølv om kommunen skulle vera så heldige å få låna 368 millionar kroner til veldig god rente – 2% – så utgjer dette 7,36 millionar kroner i året – og i tillegg kjem avdrag på lånet. Viss ordføraren vil spara pengar så er det her ein skal begynne, ikkje med småpengar til snøbrøyting og veigrus som bare går ut over andre.

Eg har sjølv vore aktiv politikar i over 30 år og eg har aldri sett på makan til saksframlegg som dette. Elendig saksframlegg, manglande svar og arrogante kommentarar frå administrasjonen, klønete forsøk på å unngå debatt og iherdig forsvar av ei håplaus sak med dårlige argumenter.

Finst det ingen skikkelege politikarar i Tysvær kommune som kan skjera gjennom og seie at nå er det nok? Og leggja denne saka inn i eit arkiv som ikkje skal opnast igjen på dei neste 50 år…

Muslandsvåg 20.09.2022

Jon Arne Silgjerd