Ingvild til Høgskulen – Ada er vår nye journalist

Ada Hirzel Sandvig starta nyleg i jobben som journalist i Tysvær Bygdeblad. Ho er delvis på heimebane, og gler seg til å bli endå betre kjend med det som rører seg i Tysvær.

– Mitt første møte med Tysvær Bygdeblad var på byrjinga av 2000-talet. Då var bror min på framsida av avisa, der han heldt katten vår Pete i armane. Eg hugsar at eg var så stolt, og at både bror min og Pete blei skikkelege kjendisar, seier Ada, som nå er godt i gang med journalistjobben i Tysvær Bygdeblad.
Ada begynte lokalavisa i midten av september. Ho har studert journalistikk i Bergen, og har seinare jobba fleire år i hagebransjen. Ho er veldig glad i planter og blomar- men er nå klar for å ta pennen fatt.

Lokalkjend
Ada har familie i Tysvær, og har dermed allereie gode lokalkunnskapar når ho tar til i jobben som journalist.
– Eg budde på Klovning og gjekk på Førland skule dei første åra av barneskulen. Seinare budde eg i Haugesund, og bur i dag på fastlands Karmøy, fortel Ada.
Ada er glad i å skrive og er samfunnsinteressert, og bestemte seg derfor for å ta journalistutdanning. Ho har vore aktiv i studentavisa, og hadde praksis i gatemagasinet Megafon i Bergen. Ho er glad i å formidle folk sine personlege historiar, men interesserer seg også for både kultur og politikk, for å nemne noko.
– Eg gler meg til å bli betre kjend med både folk og det som skjer i Tysvær, seier Ada Hirzel Sandvig.