Hans Morten Hansen er kåra til Norges morosamaste mann. Vel, det kan det neppe vere tvil om og snart kjem han til Tysvær.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Hans Morten Hansen er kåra til Norges morosamaste mann. Vel, det kan det neppe vere tvil om og snart kjem han til Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Hans Morten Hansen: Latterleg bra besøk

Hans Morten Hansen er nok ein gong klar med eit soloshow, som denne gongen har fått tittelen «Natural Born Komiker». Og han har funne plass til Tysvær på turnélista.

Akkurat nå er det som medisin på blå resept å kunne benke seg i salen og høyre på Siddisen, som rett nok bur på austlandet, fundere over livets opp- og nedsider. Etter stor suksess på dei store scenane og ikkje minst i NRK-serien «Side om side» har Hansen på nytt prikka inn storforma til ein skikkeleg lokal vestlandsturné.
– Klart eg skal til Tysvær. Det er ein fantastisk plass og der har eg etter kvart fått mange fans som vil treffe meg igjen. Det er sjølvsagt flott å stå på dei store scenane, men det er noko med å komme tett på publikum og ha det moro saman med dei. I dette showet er det mykje nytt, litt trimma gamalt og ein del som berre må med. Når ein er standup komikar er det ikkje slik som med ein musikar som kan spele sine hits. Me må fornye oss. Heldigvis skjer det så mykje gale rundt oss heile tida at det berre er å fylle opp repertoaret, ler Hans Morten Hansen.

Born to å fortelje
Det er ein ivrig Hansen som er på telefonen. Han brenn etter å komme i gong, eller rettare sagt han brenn etter å komme heimover. Akkurat nå fartar han rundt på austlandet og får folk til å le så dei ramlar av stolane. Ikkje stygg, ingen mobbing, ingenting å vere redd for. Berre 100 prosent tru mot sin suksessformel, den å sjå det morosame i det daglege og familiære.
– Det er alltid dei som må strekke grenser, provosere og prøve å gjere noko moro ut av det. Eg slepp det for eg begynte med mine rare observasjonar allereie den dagen eg blei fødd. Då blir det sjølvsagt eit skråblikk på familien, naboane, tidlegare jobbar og kollegaer som alle på sin måte er meir enn nok morosame til å få vere med i showet mitt. Eg trur det er ein styrke. For alle i salen har nokon dei kjenner igjen i det eg seier. Kanskje seg sjølv? Det er i alle fall mange som kjem og seier at eg treff noko med min stil, og det er eg stolt over, seier Hansen.

Gull
Som den fantastiske karakteren Gullestad i «Side om side» har han fått eit både større og nytt publikum.
– Me har sikkert spurt deg før, men er det mykje Gullestad i deg?
– Ha, ha, ja det er sjølvsagt det, men Gullestad er det NRK som eig, så han blir ikkje med på turneen. Men me har vel alle litt Gullestad i oss. Har me ikkje?
– Fortel litt om kva standup har å seie nå med krig i Europa, dyrare straum og drivstoff og eigentleg mykje trist å snakke om i kvardagen.
– Det er heilt rett at det er mykje trist rundt oss. Då er det kanskje eit pusterom å kunne møtast i salen, le litt saman og le litt av han der på scenen. Eg trur me har lov til å unne oss det, for me må ikkje gå heilt i svart. Me må kunne dele litt skråblikk, sjå kvardagens oppgåver på ein annan måte og le av det. Eg trur det er viktig.
– Korleis opplever du publikum om dagen?
– Eg elskar dei, dei er med og dei forstår kva eg seier og ler med på dei rette stadene. Det er slutt på den tida ein måtte snakke pent eller austlandsk for å bli forstått. Standup er ferskvare, og det eg tar med meg til Tysværtunet til helga er nettopp det. Skikkeleg ferskvare. Nå tel eg dagar for i Tysvær er det kjekt å vere. Eg meiner det. Det er ikkje noko eg seier for å virke grei. Eller… Eg er jo grei da, avsluttar ein munter og optimistisk Hans Morten Hansen snart på veg til Tysværtunet.