Erik Valebrokk og Johnny Liadal med boka om debutplata og alt som skjedde rundt den.
Erik Valebrokk og Johnny Liadal med boka om debutplata og alt som skjedde rundt den. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg

Bok om Johnny og «Colors»

Erik Valebrokk ville skrive bok om bandet The Colors Turned Red. Det skulle bli ei aha-oppleving.

Det er eit år sidan Valebrokk blei foreslått og takka ja til å skrive boka om debutplata til The Colors Turned Red. Om bandet frå Haugesund som hadde heile verda for sine føter, og som musikkjournalistar ikkje kunne skryte nok av.

– Eg var ein av dei som meinte at debutplata var av eit slikt nasjonalt, ja, internasjonalt nivå, at bandet kunne nådd kor langt som helst. Det skjedde ikkje. Då eg sette meg ned med gitarist og komponist Haakon Larsen i Vigelandsparken i Oslo, fekk eg litt sjokk. Han hadde sparka Johnny Liadal og la ned bandet den gongen det skulle ta av. Intern diskusjon stoppa altså det som kunne gitt oss eit stort band på den verkeleg store musikkhimmelen, seier Erik Valebrokk.

I går kveld snakka dei to om boka på ei boklansering i Haugesund. Eit stort oppslag i Haugesunds Avis har sørga for at «sparkehistoria» i bokform plutseleg handla om litt meir enn berre eit rockeband.

– Dette er eit bokprosjekt som Christer Falck står bak i serien «Norske albumklassikere». Då eg takka ja til å skrive denne boka, var det heilt openbart at me måtte legge alt på bordet og snakke ope om det som skjedde før, under og etter at plata kom ut. Eg har følgt bandet tett heile vegen, ja, faktisk frå dei var Im Nebel, men denne historia var ny for meg, seier musikkjournalisten.

Litt rart

Ved sidan av sit Johnny Liadal, også kjent som kulturkonsulent i Tysvær. Han smiler litt lurt.

– Erik seier det var sjokk å få høyre denne historia. Korleis er det for deg å lese om det så mange år etter?

– Me var einige om at me skulle snakke ope om dette. Eg synest det kjem greitt fram i boka kva som skjedde. Haakon meinte vel rett og slett at eg var det svakaste leddet. Det var brutalt, for me var unge og ambisiøse alle mann. Men han var i ein posisjon til å gjere dette, han var komponist og den som fiksa det meste.

– Så fann bandet saman igjen. Korleis var det mogleg?

– Me blei einige om å spele under Sildarisp i Haugesund i 2004. Då spelte me to songar. Etter konserten snakka me saman og det blei sådd ei spire som gjorde at me same året gav ut ein julesong, og ikkje minst gjorde comeback og spelte på Byscenen for fullt hus. Brotet hadde vore brutalt, det nye samarbeidet var meir prega av at alle fekk meine noko. Og så har åra gått, nå har me nettopp levert vårt siste produkt som er godt mottatt, og me skal spele konsertar i romjula.

Tidsavtrykk

Erik Valebrokk smiler når Johnny Liadal fortel. Boka har fått merksemd for brotet mellom dei to frontfigurane. Men den handlar om så mykje meir.

– Boka er eit avtrykk av ei plate og eit band som i 1988 var unikt. For Haugesund, men også for heile pop/rock-Norge. I etterordet tar me låt for låt og rundar av på ein harmonisk måte. Eg er nøgd med det som eg har klart å samle mellom to permar.

– Kunne dette vore ei bok om berre bandet?

– Nei. Dette er ei bok om noko unikt i norsk samanheng, og spesielt med tanke på ei tid der slike band og plater var mangelvare. I dei seinare åra har norsk musikk utvikla seg enormt og me har fått verdsartistar i alle ledd. The Colors Turned Red var ute lenge før det skjedde, så ei bok om bandet må ha utgangspunkt i den første plata. Den er eit ikon. At to av leiarfigurane i eit band er ueinige og skil lag, det har me sett mange eksempel på. Korleis brotet skjedde mellom Haakon og Johnny var ei stor overrasking for meg. Det tok tre månadar frå eg intervjua Haakon til eg intervjua Johnny. Heldigvis var begge opne og ærlege, akkurat slik me hadde blitt einige om. Det er ein styrke for boka, avsluttar Erik Valebrokk.