Bjørg Eriksen blei overraska og glad då ho fekk frivilligprisen av ordfører Sigmund Lier i fjor.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bjørg Eriksen blei overraska og glad då ho fekk frivilligprisen av ordfører Sigmund Lier i fjor. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Frivilligprisen: Siste sjanse å foreslå kandidater er i morgen

Frivillig arbeid i frivilligheitas år skal sjølvsagt markerast også under ordføraren si nyttårsmottaking i januar. Har du gode kandidatar?

Frivilligprisen blir delt ut kvart år og blir bestemt av ein jury som består av ordførar, kultursjef, leiar av frivilligheitskontoret og redaktøren i Bygdebladet.
Men du kan vere med å bestemme med å foreslå gode kandidatar.
– Nå annonserer me for dette og dei som har gode kandidatar kan ta direkte kontakt med meg. Så langt har me gitt ut prisen, som er eit spesielt kunsttrykk og 10.000 kroner, til personar som på kvar sin måte har gjort at mange i Tysvær har fått eit tilbod, heilt gratis. Det har vore personar som har lagt til rette for at mange kan komme seg ut i naturen ved hjelp av turstiar, og sist vinter då me overraska Bjørg Eriksen, som i ei årrekke har vore med som frivillig i ei rekke og foreiningar. Nå treng med nye kandidatar, seier kultursjef Anders Netland.

SISTE SJANSE FOR Å MELDE INN DIN KANDIDAT ER I MORGEN 25.11

Viktig
Denne prisen er ein temperaturmålar på det frivillige arbeidet i kommunen, eit arbeid som generer millionar av kroner og ufatteleg med timar og tilbod. Det skal leitast lenge etter å finne ein eller annan i kommunen vår som i løpet av eit år, ikkje nyttar seg av eit tilbod dei frivillige står bak.
– For ein kommune er det svært viktig at me legg til rette for frivillig arbeid. Samtidig må me heie på dei som står bak og står på for fellesskapet. Eg trur me blir ein «fattigare» kommune utan alle desse eldsjelene. Ein av desse skal få sin plass og hyllest når eg inviterer til nyttårsmottaking 7. januar, seier ordførar Sigmund Lier.

Ungdommen
Til nå er det litt godt vaksne som har fått prisen, gjerne personar som har stått på i det stille gjennom mange år, og som slett ikkje søker merksemd for det dei gjer.
– Det er heilt greitt det, men me ser at ein blir glad når det går opp for dei at det ein driv med, nesten dagleg, blir lagt merke til og tatt godt i mot. Men dette er ikkje ein pris for lang og tru teneste, me vil gjerne ha tips om yngre, ja gjerne unge kandidatar som med sitt frivillige arbeid gjer ein skilnad. Me veit om mange, men me vil ha ditt tips, seier ordføraren.
Han poengterer at lønna arbeid i lag og foreiningar, heilt eller delvis, ikkje kan klassifiserast som frivillig arbeid.

Fleire

Grethe Vangsnes har komme godt i gong med sitt arbeid som leiar/koordinator for mykje av det frivillige arbeidet i kommunen. Ho ser heldigvis ein positiv trend.
– Ja, det vil eg seie. Eg oppdagar stadig fleire lag, foreiningar og enkeltpersonar som kvar einaste dag står på for fellesskapet. Det kan vere små ting som til saman over eit år blir stort. Det er også sjølvsagt dei som i sine verv og posisjonar driftar og legg til rette for fleire hundre. Alle er på kvar sin måte viktige brikker i det totale puslespelet, seier Vangsnes.
Nå er det altså din tur til å fylle på lista vår, som allereie har gode kandidatar, men som har plass til langt fleire.
– Netland, ta kort litt av kriteria.
– Me jaktar frivillige i alle aldrar som driv med ulønt frivillig arbeid i Tysvær. Som Grethe seier, personar som gjer ein skilnad og legg til rette for inkludering og aktivitet. Dette er som sagt ikkje ein pris for lang og tru teneste, og me oppfordrar i år spesielt folk til å sende inn tips på det ein må kunne kalle yngre frivillige. All informasjon som trengs for å sende inn forslag finst i ei annonse i Bygdebladet i dag. I løpet av desember må me ha klar vinnaren som blir den 5. som får diplomet. Me gleder oss til å sjå kven som betyr mykje for folk flest, avsluttar Anders Netland.