Av Gunvor Hustoft
Adventsverkstaden er over og mange små og litt større ungar har komme heim med ulike ting dei har laga. Ca 20 liter grøt har fått «bein å gå på» og det har vore ein fin dag på så mange vis.
Me starta med å ha navneopprop. I dag var det 40 ungar som blei kryssa av på lista. Det første verset av «Tenn lys» og lystenning av adventslys var sjølvsagt før Dag Tormod hadde fin andakt om julebudskapet. Han snakka om Guds store kjærlighet til oss ved å senda oss Jesus. Eit stort og rødt hjerte fekk symbolisere den kjærligheten ❤️
Han fortalte juleevangeliet og til slutt les han ei bok om det same. Det var både fint og godt!
Etterpå var det mat og grøt-tallerkane blei fort tome og mange kom og ville ha meir.
Så fekk alle eit «friminutt» ute og sprang av seg litt stillesitting.
Inne hadde dei vaksne laga til arbeidsbord med ulike ting å laga – og alt som dei trong – og meir til.
Det var englar av kongler, og små englar av filt, det var pynta glas til t-lys (med batteri), fine stjerner med glitter, lys som dei pynta med å «stryka» på serviettbilder og dei kunne laga kort og brev. I det heile var det ein masse å gjera og mykje blei gjort! Aktiviteten var stor og innsatsen likeså!
Til slutt sat alle på golvet og fekk clementin og pepparkaker.
Me les Fader Vår og song «Et barn er født i Betlehem».
Så var det «bare» oppryddinga som sto igjen. Kanskje kom alle me vaksne heim med litt glitter på nasen? Det gjer ingenting når me har hatt det så fint i lag. Trur nok at kvilestolen er god for dei fleste av oss – for nå kan me «sette oss ned og gjøre ingenting» resten av kvelden