Frode Lindanger kjem med ny plate. Foto: Guro Fjeldheim Lindanger
Frode Lindanger kjem med ny plate. Foto: Guro Fjeldheim Lindanger

Hjartemedisin som er syntetisk og akustisk

Det er etter kvart ein god del tysværbuar som har fått hjelp av komponist Frode Lindanger til å lage songar. Nå slepp han eigen musikk under namnet Frolin.

Fredag kjem albumet «Morrowtide» på det amerikanske plateselskapet Heart Dance Records. Frolin er låtskrivar og produsent Frode Lindanger frå Tysværvåg.

– Eg har jobba med albumet over ei tid og har lagt ut singlar som folk har tatt godt i mot. Ein radiokanal har tatt til seg ein singel og det er fleire store aktørar som vil nytte seg av musikken min, mellom anna på flyplassar og offentlege bygg. Musikken er ei blanding av ambient og neoklassisk, ei symbiose av syntetiske og akustiske lyder. Gitarist Torbjørn Økland bidrar med gitar på fem av låtane, medan eg speler alle dei andre instrumenta, seier Lindanger.

Dei 15 låtane kan passe som bakgrunnsmusikk til film, og som nemnt ein type musikk som skal roe ned og gjere godt for folk som er på farten.

– Dette er instrumentalmusikk som passar til alt frå å sitte ned og lytte til yoga. Og er det noko verda treng nå, så er det å ta seg ein pause og slappe av. Dette er spesielt musikk som ein tar til seg i land som USA, Canada, Australia og Brasil, men eg ser at også stadig fleire nordmenn finn roen med min musikk. Den skal vere, og er, god å lytte til, den utfordrar ikkje og den provoserer heller ikkje. Mange seier at dei lagar seg egne musikkvideoar i hovudet når dei slappar av og lyttar til min musikk. Det betyr at eg har treft godt. Det er akkurat slik det skal vere. Eg skal pirre lyttarane til å nyte og sjå, smiler Lindanger lurt.

Miljø

Han har fleire gonger vore i Nashville, USA, både for å treffe gamle kjente, men også for å bli inspirert. I tillegg til musikken som nå blir gitt ut, har han eit stort hjarte for countrysounden.

– Eg har fått eit nettverk i USA, men også i andre land, der me lager låtar saman online. Men av og til må eg til USA fysisk og treffe desse flotte menneskene som har inspirert meg.

– Kva musikk lyttar du til sjølv?

– Stort sett berre ny musikk frå folk som utfordrar og lager ting som kanskje ikkje er så vanleg.

– Du har gitt ut musikken på Heart Dance Records. Det er vel strengt tatt meir hjartemedisin enn at hjartedansar dette?

– Det kan eg ver einig i. Som sagt, så er det musikk som kan nyttast og nytast til mykje. Inspirasjonskjeldene er nok i alle sjangrar, – eg likar mange slags musikk, for å seie det slik.

– Kva er målet?

– Målet er å få ut låtane slik at dei som treng denne type musikk veit at eg er der. Eg har gode plateselskap i ryggen og kanskje er det eit mål at musikken blir nytta i ein serie eller som musikk i eit kjent bygg. Det er ikkje listepop som ein kan forvente blir spelt dagleg på radioen, men ein type musikk som er med og skapar stemning. Eg har allereie sett filmsnuttar med vakker natur der dei har brukt min musikk. Heilt fantastisk kjekt, smiler Frolin.

Live

Sjølv om han har gjort det meste sjølv og berre krydra musikken med litt leikent gitarspel av Torbjørn Økland, så er det ein draum å få spele dette live.

– Det er i alle fall mogleg. Eg skal bruke litt tid, finne dyktige folk som vil vere med og sjekke ut eit konsept. Eg trur at det vil fungere godt live, og det hadde vore stas å få presentere musikken også frå ei scene.

– De ville blitt ein fantastisk timeout for publikum?

– Ja, eg trur det. Å komme på ein konsert og få musikken servert frå gode folk på scena, trur eg ville gitt ei stor oppleving.

– Kva skjer med Frolin vidare nå?

– Eg er allereie godt i gong med album nummer to, men vil bruke ein del tid på å promotere denne plata nå. Halde kontakten i dei landa eg nemnde der eg veit dei vil ha dette. Eg har fått tilbod om spelejobbar i Mexico, men det blir ikkje aktuelt nå.

– Korleis jobbar du fram desse nydelege musikkstykka?

– Eg står tidleg opp om morgonen, og så har eg laga ein song kvar einaste dag. Eg hadde inspirasjonen og gjekk målretta i gang. Ingenting var lagra eller gjort klart. Når ein får proffe tilbakemeldingar på at det er kvalitetsmessig bra, så er det også ein stor motivasjon. I tillegg vil eg jobbe med andre komponistar, lage låtar i mange sjangrar og vere til inspirasjon. Eg har hatt kurs i Tysvær, og liker at ein del av dei som har vore der, også har fått gitt ut musikken sin. Tysvær er på ingen måtar verdas navle, men det betyr ikkje at me ikkje kan lage god musikk her også. Berre sjå kva Lido, Peder Losnegård, har fått til. Han er stor i USA og lagar fantastisk musikk.

Nyt

Den digitale utgivinga «Morrowtide» er vel verd å leite opp på di digitale plattform. Det er ein oppvisning i musikalitet. Det kan sjølvsagt bli litt nok når ein speler seg gjennom 15 slike låtar, men det er neppe målet til Frolin. Det er som marsipan, stoppar ein i tide så er det berre heilt fantastisk.

Faktaboks

Terningkast 5

«Morrowtide»
Froline
Frode Lindanger, komponist og musikar
Torbjørn Økland, gitar (fem låtar)
Heart Dance Records
15 låtar
Digitalt album
Utgitt desember 2022