Olav og Berge Ohm spelar lunsjkonsert i Tysværtunet fredag den 13. januar. Billettane, som er gratis, ligg nå ute.
Foto: Ohm
Olav og Berge Ohm spelar lunsjkonsert i Tysværtunet fredag den 13. januar. Billettane, som er gratis, ligg nå ute. Foto: Ohm

Fredag den 13.: Ønskereprise når Olav og Berge Ohm kjem til lunsjkonserten

– Kan du ikkje spørje om Olav og Berge Ohm vil komme tilbake og spele lunsjkonsert? Dei er så flinke. Ein telefonsamtale seinare er svaret på det ja.

Me har mange som følger lunsjkonsertane våre tett, og det er slett ikkje sjeldan at både Bygdebladet og kulturhuset får ønsker servert.
– Det var kjekt at folk ville ha oss tilbake, og det er lett å takka ja til ein slik invitasjon. Spesielt å få prøve ut storsalen med skikkeleg lyd og lys gleder me oss stort til. At me akkurat nå har ein del ny musikk å presentere, gjer dette ekstra kjekt, seier Berge Ohm.
Dei to brørne har spelt både aleine og saman lenge. Sist dei var på lunsjbesøk var konserten i foajeen og stinn brakke. I romjula spelte dei fleire kveldar på rad på ein utestad på Indre Kai i Haugesund.
– Der var det strålande stemning, og det var tydeleg at musikken vår fall i smak. I tillegg var me med på ein kyrkjekonsert i Skjold kyrkje i Vindafjord der det var mykje folk til stades. Så me har fått prøvd oss i det siste, og det har gitt meirsmak, seier Berge Ohm.

Olav
Berge er rask med å skryte av broderen.
– Olav har laga eit par skikkeleg bra låtar som fungerer godt frå scena. I tillegg har han tatt endå fleire steg som pianist, så dei som har høyrt oss før vil merke ei utvikling. Låtane me skal spele i Tysværtunet neste fredag er songar som det skal vere behageleg å høyre på og som ein skal kose seg med. Eg vil tru at når me speler gitar, piano og syng i Storsalen, så får ein heilt rett inntrykk av musikken. På ein pub med mykje snakking og skåling får ein ikkje alltid med seg heilt kva me spelar og syng, seier Ohm.
– Du snakkar om ny musikk. Nå begynner det å bli ein del låtar, – er det snakk om album?
– Det er alltid ein draum å få samla saman låtar til eit album. Det er ikkje konkrete planar om det, men det kan snu fort. Olav har mykje spennande på gong som me ikkje har presentert, så svaret på det er vel akkurat nå – kanskje.
– Kva er skilnaden mellom studio og scene?
– Eg likar begge delar. På scena får me direkte respons og kan leike oss litt musikalsk. Med ein gong ein set seg ned og skal spele inn noko i eit studio, så blir det litt meir alvor. Men å sitte i eit studio, uansett storleik, og leike seg med diverse lydar, det er også kjekt.
– Har de heilt same stil?
– Nei, ikkje kvar for oss. Når eg tar oppdrag så er det alt mogleg frå rolege songar til partymusikk. Olav har kanskje meir sin eigen stil. Men saman er me OHM, og då har me vår eiga greie som eg er skikkeleg glad i. Eg synest det fungerer betre og betre, seier Berge Ohm som for tida bur i Stavanger.

13. januar
Det er fredag den 13. som gjeld om du vil ha med deg OHM. Billettane er framleis gratis og kan hentast i kulturhuset eller bestillast på nett.
– Eg må få seie at dette tilbodet er heilt fantastisk også for oss som driv med musikk slik me gjer. Skjønar at publikum kan like det, men at me to kan komme til storsalen i kulturhuset og få prøve ein skikkeleg scene, samstundes som me kan glede nokon, det er stort. Det kan ikkje bli betre enn det. Me lover å stille i toppform, og me ønsker sjølvsagt alle kjente velkommen til ein halvtime med det beste me har å by på, avsluttar Berge Ohm.

Våren
Vårens lunsjprogram blir stadig betre og meir innhaldsrik. Siste nytt er at Eivind Jul kjem med eit spennande lunsjkonsept i mai. Jul har hatt stor suksess med mellom anna nye julesongar det siste året og har hausta mykje ros for plata si som endeleg kom ut i fjor. Men i mai kjem han med nokon nytt, utan at han vil røpe for mykje av det nå.
Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus.

Her finn du billettar: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-tba-r4h6dm/