Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Litt om psykisk helse

GUNN WAAGE LIEN – HELSESJUKEPLEIAR

Eg liker godt teksten til Chris Holsten, «bak en fasade». Høyr den- og tygg litt på den. Nylig sovna mormora mi inn, 96 år og 3 mnd. Mange vil seie at ho hadde levd eit langt og godt liv. Langt var det, men som for dei aller fleste av oss, var det ikkje utan utfordringar.

Ho var ein av dei fyrste som forklarte meg kva psykisk helse kan vere, og eg hugsar at eg vart stolt over at ho var så open. Ho var født i 1926, så ho var ungdom under heile 2.verdskrig. Ho opplevde at tyskarane slapp bomber over Bergen, og ho stod heilt aleine og skalv i eit mørkt bomberom. Ho opplevde å høyre at fem russiske krigsfangar vart henretta. Pang, pang, pang, pang, pang. Den dagen det var forlovelsesselskap for ho og morfar, opplevde dei at det vart sleppe bomber rett ved huset deiras, at glasskåra hagla, at heile huset rista og at dei måtte stue seg skjelvande saman i gangen. Nabohesten døydde av splinter, og ho sa mang ein gang at det like godt kunne vore ein av dei. Den dagen som skulle vere ein gledens dag, enda på ein vond måte.

Ho likte ikkje nyttårsafta, sa at med all den smellinga kom dei vonde minnene opp att, og det kjentes vondt og stressande. Ho fortalte at eine gangen ho skulle reise på jobb i Bergen, kom det skjelvingar over ho, pulsen steig og ho kjente det klemte kring halsen. «Du skjønner det Gunn, nervar er ikkje bare, bare». Ho kalte det for nervar. Eg forstår no at det ho fortalte meg, var PTSD og angst-anfall. Ho gav meg knaggar å henge det på, ho gav psykisk helse eit ansikt for meg. Eg hadde sett mykje på institusjonar, mellom anna Valen, men dette var meir heime, i kvardagen. Det at ein kan virke så trygg, ha så gode klemmar, vere så vanleg, og likevel streve innvendig innimellom. Eg er så glad for at ho ikkje lata som, men turde å sette ord på det.

Eg høyrer mange som stiller spørsmålsteikn ved at fleire og fleire strevar psykisk. Det er nok fleire, men mulig hovedårsaken er at fleire tør å seie det høgt? Tidlegare skulle ein ikkje snakke høgt om det, det skulle dyssast ned, det var ei skam, og om ein måtte utebli frå noko- vart det gjerne kalla noko fysisk.

Ein av fire strevar periodevis- eller kanskje kronisk med angst. Ein av fire *(I den norske befolkningen vil om lag en av fire rammes av en angstlidelse i løpet av livet, og cirka 15 prosent i løpet av et år, FHI oppd. 2019). Er det ikkje fint då, at vi er på god veg til å snakke høgt om det? At vi kan seie til ungane, til ungdommane og til oss sjølve, kor vanleg det er med utfordringar innan den psykiske helsa? Vi kan snakke om, samt vise konkret, kor viktig god søvnhygiene er- gode rutiner- trygge voksne og tydelege rammer, samtidig som vi ikkje later som om livet er ein dans på roser. Det vil komme motgang, for alle, med jevne mellomrom.
Vi må, som mormor, berre tørre å seie
det høgt, før det bobler over inni oss.