Eivind Jul er tilbake på Tysværtunet med en musikalsk godbit og en blanding av gamle og nye låter.
Eivind Jul er tilbake på Tysværtunet med en musikalsk godbit og en blanding av gamle og nye låter. FOTO: Hanne Fagerland

Endeleg klart for ny lunsjkonsert: Eivind byr på ei skikkeleg musikalsk lunsjoppleving

Lunsjkonsertane har hatt ein ufrivillig pause, men nå er me tilbake med ein skikkeleg musikalsk godbit. Eivind Jul tar med seg både gamalt og nytt til Tysværtunet på fredag.

– Må berre få seie tusen takk for at eg får lov å komme tilbake til det fantastiske kulturhuset og det flotte publikummet som er på desse konsertane. Eg har vore der før og det er eit minne eg har med meg. Sidan sist har det vore hektisk med plateutgjeving, konsertar, føre-stillingar og jobbing både framfor og bak mikrofonen. Nå har eg samla saman litt gamalt og noko heilt nytt, seier Eivind Jul.

Jul har hatt ein fantastisk periode musikalsk som nå har gitt han lyst på å gjere meir i studio. Det resulterer i ein EP til hausten, konsertar og kanskje ein liten turné.

– Det er målet, og det blir nå ofte slik eg vil. Om ein ser bort frå krisa då eg slapp albumet mitt. Eg venta og venta på at pandemien skulle gi seg. Då me trudde den var over slo me til med store planar og lansering. Gjekk vel 14 dagar så var det stengt ned igjen. Det var bittert. Men nå går det betre, eg hadde ein flott julesong i fjor som blei ein suksess og eg har hatt samarbeid med mellom anna Hanne Sørvaag og Rolf Helge Tveit. Rolf Helge skal eg jobbe meir med i tida som kjem, seier Eivind Jul.

Dei tre siste åra har Eivind Jul sloppe ei rekke låtar der fleire av dei har fått rotasjon på radio. Her lokalt gjekk han heilt til topps på Radio 102s Topp 40 sist sommar med låta «Leva Evig».

Variert

For dei som har lagt musikken til Jul i ei speleliste på Spotify eller andre stader så veit ein at det er melodiøst og vakkert. Sterke tekstar har vore eit kjenneteikn, og det er variert. Slik skal det også bli i lunsjen fredag den 14. april.

– Når eg slepp til i ein så god lydmessig sal som Tysværtunet så har eg lyst å servere både noko av det finaste eg har laga, samstundes som eg vil teste ut noko av det nye eg jobbar med. Det å få ein slik sjanse som dette er kanskje meir unikt enn det mange artistar skjønar. Og eg håper at publikum skjønar kva moglegheit dette er. Veit det er mange som skal ta turen, men det er framleis billettar og dei er heilt gratis, seier Eivind Jul.

– Du speler på mange scenar for tida. Kva gjer det med deg som musikkskapar?

– Det gjer først og fremst at eg kjenner at kreativiteten blomstrar. Eg treng ikkje kjenne på grenser, men spele ut dei ideane og korta eg har. Om det er ei teaterframsyning, film eller meir studiobasert jobbing, så har alle desse sjangrane noko felles med seg. Og eg kjenner at akkurat nå har eg lyst å gå i studio og jobbe med detaljar, skape noko nytt, i alle fall for meg, ler Eivind Jul.

Til Tysværtunet har han med seg bassist Geir Jakobsen. På scena blir songane pakka inn i historier og små videoar.

– Eg er ein musikalsk historieforteljar og har jobba mykje med tekstar av Karianne Arntzen, noko som har gjort spenninga mellom musikken og tekstane til noko ekstra. Og det er det eg liker å formidle i konsertane. Nå skal eg finpusse programmet til lunsjkonserten i Tysværtunet, og som sagt det gledast stort, avsluttar Eivind Jul.

Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad. Konsertane er gratis.