Paul Hansen er vokalist og  frontmann i Cortina.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Paul Hansen er vokalist og frontmann i Cortina. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Paul Hansen har blåst nytt liv i Cortina

Paul Hansen har mange fans på Haugalandet. Mange av dei har sakna bandet Cortina. Nå er dei tilbake.

Med både tysværbuar og organisten i Førresfjorden sokn i rekkene er det eit skikkeleg Haugalands-band som nå gjer comeback med singelen «In It Together». I front står Paul Hansen, han frå Vamp og Blest, umiskjenneleg og akkurat slik me hugsar han frå bandet Cortina den gongen rundt omlag 2010.
– For det første er det heilt rett at me er og har alltid vore eit Haugaland-band med musikarar som har ein link til både byen og området rundt. Me snakkar om eit band som har stått mitt hjarte nært også i den tida eg har jobba i andre prosjekt. Nå var tida inne for å børste støv av Cortina, det gir nesten frysningar å merke kor raskt me var på plass igjen. Ein eller annan plass i hovudet mitt var det rett nok ein mørk tanke om at dette aldri ville skje igjen, ler Paul Hansen.
– Men så…?
– Men så møttest me på Torvastad ei langhelg og begynte å spele gjennom eit par av låtane og vipps så sto me der og lurte på om me ikkje skulle gi det ein ny sjanse. Eg hadde eit par nye låtar liggande på lur, og det er ein av dei me nå slepp digitalt.

Lokalt
Med i bandet er altså både ein gitarist frå Frakkagjerd og ein organist som akkurat nå speler seg gjennom ei rekke med konfirmasjonar i kyrkja i Aksdal.
– Torleiv Fossum spelar gitarar og har med seg broderen Vegard på trommer. Organisten er Johannes Støle som i bandet tar seg av alle typar tangentar. Så har eg med min bror Henning som speler bass. Etter ein 12 år lang pause gir me det nå ein ny sjanse og håper sjølvsagt å sleppe fleire låtar og spele konsertar, også på heimebane på Haugalandet, seier Hansen.
Cortinas debut-album «Been a Long Time» kom ut i 2007 og ros og høge terningkast ramla nærast i hovudet på bandet. Det same gjaldt oppfølgjaren «Sound of a new day» i frå 2011. Nå er det nye tider å gjere comeback i.
– Skal vere litt forsiktig å skryte over aviser som skal trille terning, men må få seie at det er utruleg kjekt at det ennå er lokalaviser som skriv om musikk, og som har meiningar om det me lager. For det er vanskeleg å finne dei rette kanalane for å få ut det glade bodskap om at me er i gang igjen. Debuten vår var fantastisk og me hadde eit publikum som verkeleg sette pris på det me jobba med. Men så blei det Vamp og litt stopp i satsinga. Nå kjenner eg at gutsen er tilbake og me vil ut og spele for folk. Men eg skjønar at det er tøffe tider for å overtale arrangørar om at Cortina er det rette bandet på scener rundt om. Men eg meiner me er perfekt for dei fleste salar, scener og festivalar. Husker godt siste spelejobben på «Månefestivalen», faktisk med Torbjørn Økland på gitar. Det er 11, snart 12 år sidan. Ikkje rart det kriblar i beina og fingrane våre, seier Paul Hansen som er låtskrivar og vokalisten i Cortina.


Legg på lag
Cortina og Paul Hansen bruker ein klassisk veg å lage låtar. Hansen kjem til resten av bandet med ei låt, så legg dei på lag på lag og sit igjen med gode poplåtar til det som skal bli ein LP, om Hansen får bestemme. Også produsent Mike Hartung skal ha sin del av æra for at det nå kjem ny musikk av høg kvalitet.
– Det hadde sjølvsagt vore stas med eit fysisk album, og me har nok det som eit mål der framme. Akkurat nå kjenner eg på to motivasjonar. At folk har sakna oss, som sjølvsagt er stas, men også kor mykje det gir å spele med Cortina igjen. Det har vært eit sakn der, som eg kjenner skikkeleg på. Me ønsker å vere eit band, som speler live og derfor går me «all in» i tida som kommer, og ser om verden er klar for oss. Aller helst på heimebane då, ler Paul Hansen.
Mens Hansen og Cortina venter på at bookinga skal ta til, så kan altså fansen, både nye og gamle, glede seg over singelen «In It Together» som blei gitt ut sist helg.

Ny singel

Terningkast 5

«In It Together»
Cortina
Singel
Cortina:
Paul Hansen
(vokal, gitar)
Henning Hansen (bass),
Johannes Støle (tangentar), Vegard Fossum (trommer) og Torleiv Fossum (diverse gitarar).
Produsent: Mike Hartung
Utgitt 5. mai -23
Utgjevar/label: CortinaMusic


Paul Hansen har noko unikt ved seg eller over seg, alt etter korleis ein vil tolke det. Stemmen, låtmateriale og framtoning, ja det er der alt saman.
Gamle fans vil klikke på tommel opp av bandet sin nye singel og dette er om mogleg minst like bra som den musikken dei stakk i frå for snart 12 år sidan. Det er pop og rett i øyre musikk av beste slag.
Bandet er av topp kvalitet, og dei får rimeleg god boltreplass i Hansen sine låtar. Det er musikalsk, kjekt og inspirerande å lytte til. Likevel blir det Paul Hansen si stemme som driv dette fram, akkurat slik me liker det og ikkje minst akkurat slik Cortina skal låte.
Det er alltid vanskeleg å melde ein enkelt singel og spå kva som blir bandet sitt neste trekk. Uansett er «In It Together» så spennande, så typisk Corina og Paul Hansen at det berre er å glede seg. Eit av bandet sine store styrker er at dette høyrer minst like bra live som i eit studio.
«In It Together» viser at ekte og velprodusert musikk har sin plass i norsk musikkliv også i 2023. Denne songen blir ei låt me som bur på Haugalandet garantert vil høyre mykje på radioen utover sommaren. Så får me følge godt med når plakatane kjem på veggen. Cortina er tilbake, ikkje med eit brak, men med ekte og fengande popmusikk.

Alf-Einar Kvalavåg