Dei som har kjøpt leilegheit i dette burettslaget har fått mykje med på kjøpet. Brygger og uteareal som glir fint inn i landskapet inspirerer til både rekreasjon og samvær. Dette er viktige kvalitetar i det nye og attraktive bumiljøet.
Det er Espen Nordal som er salsansvarleg for utbyggaren A. Utvik. Han kan fortelje at det har vore lett å marknadsføre bustadane og komme i kontakt med interesserte. Plassering og utforming har spelt ei stor rolle i så måte.
Lettseld
– Det er svært kjekt å arbeide med dette prosjektet, og nå er me komne så langt med første byggetrinn at dei første eigarane kan få flytte inn i august. Me gler oss med dei, seier Nordal.
Undervegs i prosjektet har A.Utvik lagt stor vekt på å la kjøparane få følgje med i byggeprosessen, og har lagt til rette for at dei kan få bli kjent med kvarandre.
– Me har invitert kjøparane til følgje med på korleis prosjektet går fram, og me har invitert dei på middagar, – ikkje minst for at dei skal få anledning til å bli kjende med dei nye naboane sine. Eg vil sei at me har lykkast godt med dette, og nå veit dei som flyttar inn kven som bur i leilegheita ved sida av. Me ser at det har vore eit svært vellykka grep, fortel Nordal.
Utetid
Uteområda er lagt til rette med areal som inviterer til å vere saman utandørs. Det er laga til eit lite amfi der det er god sitteplass til mange, og tre flytebrygger er bygd opp slik at ein kano eller ein kajakk kan ligge klar til ein padletur på vatnet. Området er universelt utforma, her skal ingen trenge å sitte aleine og ikkje komme seg ut.
– Me trur at mange vil ha glede av naturen rundt Aksdalsvatnet. Ved å bygge på denne måten, så oppmuntrar me bebuarane til å bruke kroppen, slår Nordal fast.
– Det er lett å sjå at her blir det fint å bade og å hoppe i vatnet, men me ser ingen stupetårn med moglegheit for «dødsing» her?
– Hehe, nei det trur eg ikkje er aktuelt. Det er nok litt for grunt til at ein kan gå i gang med den slags aktivitetar, smiler Nordal.
Allmenn bruk
Men det er sjølvsagt ikkje berre dei heldige eigarane av Vannkanten og Skogkanten burettslag som kan bruke dette fine anlegget.
– Saman med kommunen har me sørga for at stien rundt vatnet ikkje blir broten av bygningane. Nå er heile turstien klar til bruk, rundt heile vatnet, og den er open for alle som ønsker å vandre her. Me har også tatt sikkerheit på alvor, og derfor er det sett opp to redningsbøyer langs promenaden. Her skal alle kunne gå trygt, seier Espen Nordal, salsansvarleg for Skogkanten og Vannkanten, og etter kvart trinn 3 i prosjektet.