Grethe Vangsnes, leiar av Tysvær Frivilligsentral er klar til å støtte sommaraktivitar.
Grethe Vangsnes, leiar av Tysvær Frivilligsentral er klar til å støtte sommaraktivitar. FOTO: Marit Tvedt

SOMMAR I TYSVÆR: Frivillige tar ikkje ferie

Å vere frivillig rommar aktivitetar mellom himmel og jord. Heldigvis har Tysvær kommune tilsett ein person som syr saman tiltak og koplar i hop dei som ønsker å gjere noko for andre – og dermed også seg sjølv.

Daglig leiar av Tysvær Frivilligsentral, Grethe Vangsnes, uttrykker det sånn:

– Det kan vere ein enkeltståande frivillige som har ideen til eit tiltak, og så er det min jobb å knyte vedkommande saman med andre som har same interesser, og for å utnytte ressursane me har.

– Det er utruleg flott med alle som ønsker å dra i gang noko – då kan eg hjelpe til med å sortere og organisere, forklarer ho.

Nokre av tiltaka krev meir enn berre lyst til å gå i gang. For å starte ein foreining, for eksempel, er det krav til ein del papirarbeid.

– Oftast kan me hjelpe til med det også, fortel Vangsnes.

Her nemner me nokre av dei tiltaka som er planlagt aktive i sommar.

Kommunalt tilskot

Kommunen deler i år ut midlar til frivillige sommaraktivitetar i sommar.

– På Tysværvåg skule har me søkt om pengar til aktivitetsdagar og til inkluderingstiltak for flyktningane. Me vil gi dei anledning til å møte både lokale innbyggarar og flyktningar og å oppleve noko kjekt saman. Støtta me har søkt om skal brukast til å lage mat,  til leige av utstyr og anna som trengs, seier Sissel Riise, ei av dei frivillige i tiltaket. Dei ønsker også å bidra til at flyktningbarna kan få skyss til og frå skulen.

Fredagstreff

Fredagstreffet i Bestastova skal vere aktivt også i sommar. Bjørg Eriksen har hand om treffet, som er eit sosialt treffpunkt der mange har med handarbeid, mat og drikke.

«Hulå» er eit tiltak som Røde Kors set i gong, og som skal vere ein open møteplass for ungdomsskuleelevar driven av frivillige ansvarlege vaksne. Det ein skal drive med her, skal tilpassast etter kva som ungdommane ønsker. «Hulå» skal vere open to kveldar i veka, og ein tenker blant anna å tilby teiknekurs, informasjon frå helsepersonell, og kanskje turar i nærmiljøet.