Om kort tid slepp songaren og komponisten Anita Helgeland plata «Slik lyset fell».
Om kort tid slepp songaren og komponisten Anita Helgeland plata «Slik lyset fell».

Over 130 har tatt ut billett til lunsjkonserten fredag 25.: Endeleg er Anita tilbake på Lunsjkonsertane

Om kort tid slepp songaren og komponisten Anita Helgeland plata «Slik lyset fell». I morgon fredag 25. august kan du høyre henne i storsalen på Tysværtunet heilt gratis. Langt over 130 har tatt ut gratisbilletter allerede.

Saman med gitarist Knut Edvin Norbotten og bassist Ketil Andersen, og ikkje minst sambuar Helge Martin Framnes, vil ho då servere ein halvtime frå den nye plata som i første omgang berre kjem digitalt. Mange har gleda seg til ny musikk og tipsa oss om at Anita Helgeland må me berre få tilbake på scena.
– Så kjekt, men samstundes litt skummelt. Dette er ei plate som har tatt lang tid og som har fått modnast i alle desse åra. Eg har hatt eit knippe svært dyktige musikarar med meg, og faktisk så har eg lukkast med å få sjølvaste Knut Reiersrud med på ein av songane. Det var faktisk ein gamal draum, og tenk at det gjekk. Men først og fremst har eg jobba fram dette aleine, song for song, tekst for tekst, seier Helgeland.

– Meg sjølv

Me treff henne på den nye kafeen i Tysværtunet. Ho nippar til varm te og veit at like ved sidan av ligg den store scena ho har spelt på før.
– Kva vil du seie om den nye plata og ikkje minst om konserten?
– Først og fremst er dette meg og min musikk. Som sagt har det tatt tid, men eg har tatt det bit for bit når inspirasjonen og helsa har vore på plass. Nå ville eg ha den, ut og det enda opp med ti songar. Kanskje vil nokon seier dette er typisk meg og det blir eg glad for, men det er sikkert dei som tør seie eg har utvikla meg, og det er også kjekt å høyre. Etter at det blei skrive at eg skulle gi ut musikk, merka eg plutseleg at media ikkje hadde gløymt meg, og det blei to besøk i nærradioane, smiler Helgeland.
– Du har med deg gitarist Knut Edvin Norbotten og bassist Ketil Andersen. Fortel…
– Knut Edwin kjenner eg godt mellom anna frå Okersol. Han skal spele elgitar så det blir spennande. Ketil kjenner mange frå Colors Turned Red, og eg synest me er blitt ein bra trio. Tar eg med Helge Martin som skal kore for meg, så er me nesten eit band. Målet er nok ein dag å få spelt denne med fullt band. Nå prøver me det ut i dette formatet, og målet er ikkje at det skal vere heilt likt som på plata, heller tvert om. Dette skal vere ny musikk. Eg gleder meg til konserten, som er eit fantastisk tilbod for oss som driv med musikk. Eller for å vere heilt ærleg, eg gleder meg mest til det er over, ler Helgeland og hinta om at nervar hos artistar framleis er med i spelet.

BILLETTER FÅR DU HER: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-anita-helgland-q-i1q2ct/

Musikken først
Helgeland er av den typen som lagar melodiane først. Dei kjem gjerne når ein minst ventar det og då må ein fram med mobilen og få tatt opp det som har dukka opp i hjernen.
– Ja, tenk om det er noko eg kan bruke. Då kan eg ikkje vente til eg er heime i studio. Då kan det vere for seint. Eg har faktisk vakna opp om natta med ei melodistrofe. Ikkje alltid like lett å stå opp, men på mobilen må den.
– Du har skrevet mange sterke og flotte tekstar. Kjem aldri orda til deg først?
– Det er sjeldan. På denne plata har eg ein song som heiter «Det kvite barnet» som er inspirert av kunstnaren Liv Sørvåg som også har laga bilete på omslaget til det som skal bli ei plate, håpar eg. Elles er det stort sett musikken som kjem først.
Om det meste på plata er nytt, så vil nokon dra kjensel på «Solauger» som kjem i ny versjon i ein duett med Helge Martin Framnes. «Vårsut» har også vore tilgjengeleg ei stund.
– Kva skal me seie om musikarane dine, der er det mykje krem?
– Heilt klart. Men som sagt så ville eg at dette skal vere mi plate. Gitarist Jørn Raknes var viktig, og eg hadde eit håp om at han kunne vere med til Tysværtunet. Lars Erik Støle frå Vamp er med og Nils Økland gjestar ei låt. Eigentleg er det ei utruleg lang liste med artistar, og eg er livredd for å gløyme nokon. Alle fortener ei stor takk for at me har landa dette. Også Kjetil Ulland i ABC-studio i Etne har ei viktig rolle. Samstundes kjenner eg at dette er meg og det er min musikk eg vil presentere, seier Anita Helgeland.
Helgeland har produsert plata saman med Framnes.
– Kva er planane framover?
– Eg slepp nå ei plate digitalt, så må eg ha ein liten pause før eg håper å kunne få spelt eit par plassar. Og målet er sjølvsagt å gi det ut på ein LP, med Liv sitt fine cover. Me har lagt opp songane slik me ville hatt dei på ei plate, så det får vere litt press på å få til noko handfast. Men aller først skal me øve som galne til konserten, ler Anita Helgeland.
Lunsjkonsertane er et samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.