Marthin Håvardsen, Atle Jordal Håheim, Roy Arne Ullvang Tollaksen og Trond Olav Lønning er Paddies. Dei kjem til Tysværtunet og lunsjkonsert 15. september.
Marthin Håvardsen, Atle Jordal Håheim, Roy Arne Ullvang Tollaksen og Trond Olav Lønning er Paddies. Dei kjem til Tysværtunet og lunsjkonsert 15. september.

Paddies tilbake til lunsjkonsert på fredag: – Me har det heilt strålande

Rett frå «Rootsen» i Vikedal kjem topp motiverte Paddies til Tysværtunet og lunsjkonsert. Det er det mange som har gleda seg lenge til.

Neste fredag den 15. september er valet over og det er på tide å få fokus på noko heilt anna. Då er det lite som slår frisk irsk folkemusikk framført av lokale heltar i bandet Paddies.
– Ja, det er heilt rett det. Me har lagt bak oss ein flott periode med fleire spennande jobbar og nå ser me verkeleg fram til å spele i storsalen i Tysværtunet. Det har me ikkje gjort før, men har minner, svært gode minner faktisk, frå ein heidundrande lunsjkonsert ute i foajeen kor det dukka opp så mykje folk at det var heilt utruleg, seier Roy Arne Ullvang Tollaksen.
– Kva vil bandet servere til lunsj?
– Me har eit knippe populære irske songar som me har laga ein litt meir neddempa konsert av. Det blir «Molly Malone», «Fishermans blues» og dei andre songane folk likar at me syng. Me var faktisk på eit lukka arrangement på Frakkagjerd for kort tid sidan og testa desse ut. Det gjekk bra, så me er klare, seier Ullvang Tollaksen.

Viktig
– Me fekk ein skikkeleg boost på Rootsen i Vikedal der me spelte klokka 23 på laurdagskvelden. Kan vel ikkje hamne særleg høgare på «plakaten» enn det. Likevel er det viktig for oss å komme heim, få spelt for eit lyttande publikum, snakke litt med dei og vise det me driv med. Målet er som alltid å lage eigen musikk og ein gong gi det ut. Kanskje skjer det noko nå eller til neste år.
– Bandet dukkar opp litt overalt…
– Ja, me har vel ein type musikk som passar til det meste. Me har spelt i gravferd, og til fest. Irsk folkemusikk er veldig populært her på Vestlandet og dei versjonane me nå presenterer er heilt garantert tilpassa dei me forventar å treffe på Tysværtunet. Eg kan garantere ei fin musikalsk oppleving, seier Ullvang Tollaksen.
Dei fire i Paddies er Atle Jordal Håheim, Trond Olav Lønning, Marthin Håvardsen og Ullvang Tollaksen. Konserten som dei skal presentere fortel historia om eit band som har tatt denne tradisjonelle musikken på alvor. Acapella start, små historier og spennande musikk.
– Me må prøve å skape eit konsept som fungerer over alt. I kyrkja, på puben og i storsalen. For oss er det like stas med folk sittande i eit kulturhus som nynnar med til musikken, som det er å spele på ein pub med masse allsong og roping. Me vil vere fleksible og trur me har funne eit konsept som er tilpassa det, seier Roy Arne Ullvang Tollaksen.

Paddies er andre band ut etter sommarferien og Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad er både glade og litt stolte over at Paddies fann plass til ein ny konsert.
– Skulle berre mangle. Me er stolt over både lokalavisa og kulturhuset så det er ein perfekt match. Nå håper me mange av dei som me har treft på tidlegare finn vegen, og gjerne tar med seg nokre naboar. Me står for musikken, avsluttar alltid like sympatiske Roy Arne Ullvang Tollaksen i Paddies.

Konsertstart er som vanleg 11.30 og konserten er heilt gratis. Ta ut billett her: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-paddies-tba-q7dfx1z/