Thomas Gausvik isolerer med spon, og slepp både å klø samstundes som det både er miljøvennleg og også prisgunstig. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thomas Gausvik isolerer med spon, og slepp både å klø samstundes som det både er miljøvennleg og også prisgunstig. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

FEKK DU MED DEG DENNE? Bygg & Bu: Thomas blåser i dritjobbane så ofte han kan

Thomas Gausvik og verksemda TG Bygg utvidar tenestene sine. Nå har dei bokstaveleg talt blåst liv i Briso.

Du treng ikkje ha jobba mange timar som snikkar før du begynner å klø på ryggen av minner frå isolasjonsjobbar på kryploft med taksperrer i alle retningar, varme, glasvatt og Glava. Det har også Thomas Gausvik nok av minner frå. Men nå blåser han liv i nye tider for seg sjølv og verksemda på Frakkagjerd.
– Me har nyleg starta eit nytt selskap i firmaet som skal drive med innblåsing av isolasjon i bygningar. Dette har vore testa ut før, og det har med ujamne mellomrom dukka opp selskap som har gitt tilbod på slikt arbeid. Men nå har Huntonit utvikla ei sponblanding som gjer at me får blåst inn miljøvenleg isolasjon, som gir god varme og mindre straumbruk i husa. Med andre ord eit miljøtiltak som rimeleg raskt viser igjen, seier Gausvik.

Thomas Gausvik.


Miljø og pris
Det nyttar ikkje å tenke nybygg eller restaurering utan å tenke på miljøkrav i 2023. Det gjer at mange nå tenker både lurt og framtidsretta.
– Blåseisolering er ei fantastisk løysning for energieffektivitet og komfort i heimen. Ved å bruke denne isolasjonsteknikken kan ein redusere varmetapet, senke energiforbruket og spare pengar på straumrekninga. Blåseisolering er også miljøvennleg, då ein ofte bruker resirkulerte materialar. Dette betyr at me ikkje berre har prosjekt som er meir lønsame, men også meir miljøvennlege. Tar ein med spart arbeidstid, så er det pengar å hente også under vegs i byggeprosessen, seier snekkaren med eit lurt smil.
Me treff han høgt under taket på eit bygg like over kommunegrensa til Vindafjord. Eit gamalt hus er ribba for gamal «dritt» og skal byggast opp igjen med ny isolasjon og etter ny standard. Mange av reglane fordyrer prosjekta kraftig, isoleringa som Gausvik held på med er faktisk med på å dra ned prisen.
– Om me tar eit eksempel. Skulle me isolert eit kaldloft som her, med alle sperrene og utfordringane med ulike bjelkelag, krokar og vinklar i alle retningar ville ein mann måtte halde på lenge, ja kanskje i ei veke. Nå klarer eg det saman med Anna (Lie) som matar kverna i hengaren vår, å gjere dette på ein dag og to. Slikt blir det pengar av, seier Gausvik.
Men det er fleire pluss for dei som jobbar med dette. Det klør ikkje som før.
– For meg personleg er nok det den største gevinsten skal eg vere heilt ærleg. For dette er spon som legg seg der det skal, og det som hamnar på meg verken klør eller er farleg på annan måte. Eg bruker maske og beskyttelse på augo, men dette kan ikkje samanliknast med slik det var før. Nå kan me ta imot lokalavisa utan å måtte lufte først, og som ein kjenner, så går det fint ann å puste fritt her inne. Og då har eg blåst inn isolasjon ein times tid i taket her, fortel Thomas Gausvik.

Når taket er tett og alt er gjort klart, blåser ein inn isolasjonen.


Tett
Diskusjonen om tette nye hus går framleis i fagmiljøet. Gausvik er ikkje storfan av at det blir for tett. Men isolering av spesielt kalde loft er ein ting mange syt me å gå laus på.
– Eit loft på eit eldre bygg har ofte gamal isolasjon som må ut, pakkast i sekkar og køyrast på Toraneset eller Årabrot. Så skal ein inn med nye matter eller rullar med foreksempel Glava og det krev verkeleg sin mann. I dag har ein strenge krav til plastring og tette rom i nybygg. Det er heilt klart fleire måtar å isolere smart på. Å blåse inn isolasjonen er ein av dei.
– Det står i reklamen at det også er bra mot skadedyr. Kva betyr det?
– Eit av dyra me ikkje vil ha inn i heimane våre er mus. Dei bygger seg bol på loftet og gamal isolasjon er det perfekt for dei. Men denne typen isolasjon vil sponen rase saman om dei prøver å bygge seg eit bol. Det er alltid pluss og minus med alle produkt som ein tilbyr til eit hus, men eg meiner dette er noko som gir oss i selskapet ein ekstra fot å stå på, seier Thomas Gausvik.

Anna Lie tar seg ein kort pause på pakkane med isolasjon.



To

På byggeplassen denne dagen er det Gausvik sjølv som styrer innblåsinga. Det skjer ved at ein stappar bitar med spon, som også er tilsette eit branndempande stoff, oppi i ei kvern. Så er det ein maskin som sug sponen gjennom eit langt plastrøyr som endar opp i eit bua røyr som ein stikk gjennom plasten. Hola tettast med tape etterpå. Alt saman er plassert på ein vanleg tilhengar som er lett å ta med seg. Skal ein tolke haugen på utsida av bygget går det med mykje spon.
– Det gjer det. Dette er spon som er henta frå sagbruk, behandla og pakka saman i sekker som me får tilkøyrt. Tidlegare har ein prøvd forskjellige typar med isolasjon, og det er ein del, også lokale, som har gitt opp då det ikkje fungerte. Spesielt i gamle hus der ein blåste inn isolasjon gjennom hol i veggen var det vanskeleg. Då har eg langt meir tru på dette. Og det me kostar saman som blir til rest legg me på toppen av det som er isolert. Det er berre plasten dei er pakka i som blir avfall. Ingenting av isolasjonen blir til overs, seier Thomas Gausvik.
Det finnes ei rekke variantar av isolasjonen som kan blåsast inn i vegger og på loft. Glava har sitt produkt, skum, glasfiberbitar og ull er nokre av dei.
– Det er alltid utvikling i nye produkt og metodar. Me tar nå og prøver oss fram med dette produktet og eg trur det blir få om nokre reklamasjonar. Så langt ser det nemleg heilt perfekt ut. Det er heilt rett at nå blåser eg i å måtte ta dritjobben med isolering på loftet. Det går som en leik, smiler Thomas Gausvik og nikkar til Anna Lie som startar kverna på nytt.