Torbjørn Økland er ute med ny musikk.
Torbjørn Økland er ute med ny musikk.

NY PLATE: Ska sei Torbjørn, ska sei

Torbjørn Økland, han som alltid har vore der med sine gitarar. Alltid litt i skuggen, men likevel leiande i lydbilete. Nå har han gitt ut ny musikk.

Den måtte kanskje komme den dagen då Økland tok steget fram i rampelyset for alvor. Det gjer han med plata «Alt det me va» der han ikkje uventa har fått bidrag og hjelp frå mange av dei han har vore med å hjelpe fram i lyset gjennom fleire tiår.
På lista av medhjelparar finn me desse namna: Jan Toft, Paul Hansen, Helene Bøksle, Nils Økland, Halvor Lillesund, Lars Eirik Støle, Vegard Fossum, Rudolf Fredly, Lars Jones, Carl Øyvind Apeland, Kjetil Ulland, Stein Inge Brækhus og Mick O´Brien.
Wow tenker du kanskje, og wow er det faktisk fleire døme på når ein speler songane.

Hits
Det er tre soleklare hits på plata, som skil seg ut og ligg heilt der oppe. Opningssporet «Søster har ein sang» er verdt ei plate aleine. Økland startar vokalen, men får så påfyll av Paul Hansen og Jan Toft. Melodilinja og teksten passar saman som hand i hanske og både Hansen og Toft gir songen det rettmessige lydbilete. Men kva så med gitarist Økland som vokalist. Det funkar som berre det og trioen serverer det som, ja eg må berre seie det, den beste «Vamp-låta» på lenge.
Jan Toft er med på fleire av songane, og på «Tåle ein vinter» briljerer han og Økland på nytt. Det er ei låt som toler godt at ein speler den om, og om, igjen.
Ein ny høydare kjem når Økland har invitert Helene Bøksle med seg på «Hold meg innte». Det er nydeleg og intenst. Stemma til Bøksle blir krydra av gitarspelet til Økland, slik han gjer med alle bidraga som er med på plata. Der ein kanskje trur det er fullt i lydbilete tryllar han inn litt til. Songane blir ei oppdagingsferd.

Ikkje Vamp

Torbjørn Økland har spelt med så mange artistar at sjølv om det står 23 år med Vamp på CV-en så er ikkje dette nokon som helst Vamp-kopi, sjølv om nemnte «Søster har ein sang» er det. Resten av plata er ei reise i ein musikars liv, der små popperler er vekka til liv gjennom dyktige musikarar, med Økland sjølv naturleg i spissen, og ikkje minst med spennande og variert vokal.
Eit par kvileskjer er det, men totalbilete er godt og det er sjølvsagt interessant om plata blir følgt opp.
Det er kanskje slutt på at Torbjørn Økland berre er han der trollmannen med gitarane, men også han med plata «Alt det me va» og ikkje minst songen «Søster har ein sang».

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Alt det me va
Torbjørn Økland
Musikarar med meir: Jan Toft,
Paul Hansen, Helene Bøksle,
Nils Økland, Halvor Lillesund,
Lars Eirik Støle, Vegard Fossum, Rudolf Fredly, Lars Jones, Carl Øyvind Apeland, Kjetil Ulland, Stein Inge Brækhus og Mick O´Brien.
Hovudsakeleg spelt inn i ABC-Studio i Etne, i tett samarbeid med produsent Kjetil Ulland
12 songar
Utgitt sept 23