Lars Tormod Jenset, Andy Sheppard, Espen Eriksen og Andreas Bye er ute med ny musikk opg skal ut på ein turné som også inkluderar Haugesund.
Lars Tormod Jenset, Andy Sheppard, Espen Eriksen og Andreas Bye er ute med ny musikk opg skal ut på ein turné som også inkluderar Haugesund.

Leikent heilt der oppe med dei store

Det er noko majestetisk over Espen Eriksen Trio sitt pianospel og komposisjonar. Det er klokkereint og leikent.

Når Rune Grammofon sender ut nytt med Eriksen er det berre å finne fram godstolen, skru opp lyden og nyte. Denne gongen internasjonalt så det held og presentert som Espen Eriksen Trio with Andy Sheppard. «As good as it gets» er sju låtar med den britiske saksofonisten i ei sentral solistrolle.
Første bråstopp kjem på låt nummer to. «Endless» har ein herleg pianointro som viser tysværbuen sin melodiøse jazztouch på flygelet på sitt aller beste. Det er nesten så det er litt forstyrrande når Sheappard kjem med sin tenorsaksofon. Men så går den seg til og passar fint i lydbilete. Etter kvart tar Eriksen over igjen og med Andreas Bye på trommer og Lars Tormod Jenset på bass som komp snakkar me om ein ny monsterlevering frå Eriksen.
Så legg plata seg på eit skyhøgt nivå der det etter kvart blir rikeleg med boltreplass både for trommer og bass, slik i alle fall eg liker Eriksen sin trio best.

Heng saman
Sjølv om dei sju låtane kvar for seg gir ei musikalsk oppleving heng dei på mange måtar saman. Det er meir soloparti som bryt mønsteret enn sjølve låtane. Jenset og Eriksen i samspel er verd både plater og konsertar i seg sjølv. Det same gjer multikunstnaren Bye på sitt slagverk. Det er noko med denne typen musikk som gjer at ein automatisk leitar og lyttar etter detaljar. Og dei er der, av og til godt innpakka i vellyd, men du verden for eit løft når ein fangar dei. På låta «Pressure» er det fleire slike parti. Lytt og bli forført.
Ei anna låt som er slik er «The american». Der er saksofonen perfekt match og viser ei litt ny side med Eriksen sounden. Både artig og ein vri på utgivelsen.
Og når ein snakkar om vri og leik. Avslutningslåta har heilt opplagt frieri til Edvard Grieg. Det er berre å lytte og kose seg.
Trioen og Sheppard speler konsert i Haugesund på rådhuset 22. oktober. Det kan fort bli både fint og leikent det også.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 6

«as good as it gets»
Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard
the other side of melancholy,
endless, as good as it gets,
sticks and stones, pressure
the american, drifting clouds
All musikk: Espen Eriksen
Espen Eriksen, piano, Lars Tormod Jenset, bass, Andreas Bye, trommer og Andy Sheppard, saksofon
Innspelt og miksa av Mike Hartung hos Propeller Music Division
Mastra av:
Morgan Nicolaysen
Rune grammofon
Okt. -23