Oddbjørn Austevik, Kjersti Tingelstad og Andreas Petersson inviterer til det som kjem til å bli ein fantastisk flott og spennande lunsjkonsert 6. oktober.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Oddbjørn Austevik, Kjersti Tingelstad og Andreas Petersson inviterer til det som kjem til å bli ein fantastisk flott og spennande lunsjkonsert 6. oktober. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

«Revehiet» kommer til lunsj i dag: Gløm det dårlege vêret og bli med på gratiskonsert

Trioen «Revehiet» er ute med ny musikk, store planar og ikkje minst livejobbar. Før det tar heilt av har dei sagt «ja takk» til lunsjkonsert i Tysværtunet på fredag. Og mange har allerede sikret seg billett. Over 200 er venta i storsalen klokka 11.30. Kom du også.

Oddbjørn Austevik, Kjersti Tingelstad og Andreas Petersson har vore her før og levert både aleine, som «Rags & Feathers» og i suksessane «Cave på norsk» og musikk av Leonard Cohen.
Men nå er det heilt ny og eigenkomponert musikk det handlar om i formatet to gitarar og ei fele som instrument, og tre særprega stemmer på vokal. Med dialekt frå Røros, Egersund og Haugalandet.
– Det er utruleg kjekt at me får lov til å komme i sjølvaste storsalen i Tysværtunet og presentere det nye prosjektet vårt. Akkurat nå har me gitt ut ein digital EP med fire låtar, og me har hatt litt radiospeling. Det betyr at ein del har funne musikken vår og tilbakemeldingane er gode. Det er folkeleg musikk for å seie det slikt, med tekstar slik me ser verda rundt oss. Det er litt av alt, smiler Oddbjørn Austevik etter konserten på «Pitters».

– Kjekt
Andreas Petersson slepp aldri heilt stempelet ungdomsskulelærar på Frakkagjerd, men musikalsk har han også ein solid CV å vise fram etter kvart. Og nå både ser og høyrer ein både hint frå tidlegare musikk, men også ein ny sound frå allsidige Petersson.
– Først og fremst er det kjekt å få jobbe med så dyktige folk som Oddbjørn og Kjersti. Me har laga mange songar saman og kvar for oss, som me nå prøver å sette i saman til «Revehiet». Skal me tolke stemninga på lanseringskonserten i Haugesund, så er me på sporet av noko, det er alltid detaljar me kan jobbe med. Snart går me i studio og skal spele inn eit heilt album me håper å kunne gi ut på vinyl, fortel Petersson.
Men før dei slepp seg laus i studio så skal dei ha på plass litt fleire musikarar og ikkje minst finne dei rette låtane.
– Me jobbar godt saman og har det kjekt når me øver og planlegg konsertar. Nå skal me også plukke ut dei låtane me vil spele for det flotte publikummet i Tysværtunet, seier Kjersti Tingelstad.
Det blir garantert musikk som har litt hint av både Beatles og Bob Dylan i seg. Musikk som både er fengande og som ein kan sette seg tilbake seg nyte.
– Det viktigaste med å spele musikk er å treffe ei nerve hos publikum. Som ein høyrte her i kveld, så har folk forskjellig smak. Det skal me ha i minnet kvar einaste konsert. Så får me telje opp når me har lista klar og sjå kva me endar opp med i Tysvær. Eg er heilt einig med dei som seier dette lunsjkonsert-konseptet er viktig. Det er viktig for oss, men også viktig for alle som er glad i å bli kjent med nye namn og musikkprosjekt på Haugalandet. Nå tel me for alvor ned til 6. oktober, avsluttar Oddbjørn Austevik.

Andreas Petersson speler både på piano og gitarar i Revehiet.


Konserten i Tysværtunet er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Konserten er gratis.
Du kan ta ut gratisbilletter her: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-revehiet-n1nkx5/ eller i luka på biblioteket i Aksdal.