– Tenk at det ikkje er billettar igjen. Det er stas, men også litt stress. Det er mektig å stå på scena i kulturhuset med over 350 personar i salen. Men me gleder oss, og tar dette som ei skikkeleg oppvarming til julekonserten me skal ha i Tysvær kyrkje i Tysværvåg 14. desember. Og der er det billettar igjen om nokon er litt skuffa nå og ikkje fekk tak i billett i Tysværtunet, seier Evy Fjeldheim.
Ho og resten av Serenity har fått kjenne litt på suksessen det siste året og då me inviterte dei tilbake til lunsjkonsert var dei raske med å takke ja.
– Me har sett saman ein god halvtime med julesongar og countrysongar slik at publikum får litt av kvart. Me elskar begge desse typane musikk, og med fullt band som også inkluderer steelgitar blir dette ein konsert som me håper skaper god stemning hos folk.
– Korleis plukkar de ut songar?
– Me har ei liste som me legg til songar på, så høyrer alle gjennom den og plukkar ut sine favorittar. Til slutt har me ei setliste som me synest er god for oss som band og som me trur publikum sett pris på.
– Kva er viktig for bandet?
– Me likar at det går ann å synge fleirstemt. Så må jo musikarane få sleppe litt til da. Me har også ei lita overrasking på lur til konserten i Tysværtunet, seier Evy Fjeldheim.
Kamp
Sjølv om vår gratis lunsjkonsert er fullsett så er det slett ikkje slik over alt.
– Nå har me spelt ein fire-fem stader det siste året med godt besøk, men det er heilt tydeleg at konsertar er noko folk nå må vurdere. Mykje er blitt dyrare og usikkert. Personleg er det flott at det også er eit gratistilbod der alle som vil kan få oppleve ein konsert før jul, og ha noko å dele med andre. Me skal levere og gi alt, for dette er ein konsert me har gleda oss til lenge.
– Kva er det med jul og konsertar?
– Eg trur folk treng å roe litt ned, komme i salen og nyte litt fin musikk og kanskje ikkje tenke på alt dei skulle ha gjort i ei hektisk førjulstid. Så har du momentet med alle dei fine julesongane. Desse to konsertane me nå skal ha før jul inspirerer oss i Serenity og det håper me folk i salen legg merke til. Om me klarer å få det til så tar me med oss billettar til julekonserten til Tysværtunet, slik at dei som på lettaste måte vil kjøpe seg ein julekonsertbillett kan gjere det, seier Evy Fjeldheim.
God jul
Serenity var sterkt ønska etter fjorårets konsert. Det ønsket klarte me saman med Tysværtunet kulturhus å tilfredsstille. Me nærmar oss nå konsert nummer 70 i rekka og skal me nå det målet må me også ha konsertar i 2024.
Og det skal me. MUNOR er første artist ut på nyåret, og er teknikken på lag med oss kan ein ta ut billettar til den konserten frå fredag av.
Til deg som er fast lunsjkonsert publikummar, men som denne gongen ikkje kunne komme, ønsker me bak konserttilbodet deg ei god jul, og så snakkast me i 2024. Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad, Tysværtunet kulturhus og artistane som stiller opp.